Kritikk mot kommunale omsorgstjenester kan ramme pleierne urettferdig og uriktig, mener Jonni Solsvik. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Kritikk mot kommunale omsorgstjenester kan ramme pleierne urettferdig og uriktig, mener Jonni Solsvik. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kommentar
Kommentarer gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi har ikkje råd til å la vere

Skal vi som samfunn handtere eldrebølga og sikre heile og faste stillingar, må vi i fellesskap sørge for endring.

Det er snakka mykje om korleis vi skal handtere eldrebølga i tida som kjem. At folk stadig blir eldre og lever lenger er positivt. Vi veit også at med fleire eldre vil vi trenge å ruste opp helse- og omsorgstenestene for å imøtekomme behova.

På vei til Tinget

Kommunal Rapport har invitert kommune- og fylkespolitikere med sjanse til å bli valgt inn på Stortinget til å skrive gjestekommentarer.

Skribent denne uka: Åse Kristin Ask Bakke (Ap)

Kommunestyrerepresentant i Ålesund

Tal frå SSB slår fast at vi vil mangle 18.000 helsefagarbeidarar og 28.000 sjukepleiarar i 2030. Dette gir oss ei stor utfordring, der talet på helsepersonell går ned, samtidig som fleire vil trenge helse- og omsorgstenester.

Arbeiderpartiet vil styrke retten til heiltid i lovverket.

Vi må begynne å diskutere løysingar for korleis handtere dette. No hastar det. Ein del av løysinga er å tilby heile stillingar til alle som i dag arbeider deltid. Om lag sju av ti i helsevesenet i Kommune-Noreg arbeider deltid. Dette skaper uvisse for den enkelte arbeidstakar, samtidig som vi utdannar heile helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som arbeider deltid.

Dette betyr ikkje berre usikkerheit for den enkelte arbeidstakar, men også dårleg samfunnsøkonomi. Behovet for helsefagarbeidarar og sjukepleiarar aukar stadig. Dette ser vi når kommunane må leige inn frå vikarbyrå for å dekke bemanninga.

Kommunane i landet bruker til saman 1,2 milliardar kroner årleg på innleie frå vikarbyrå, samtidig som mange arbeider deltid. Det er dyrare for kommunane å leige inn enn det er å tilsett i heile og faste stillingar. Her må det endring til.

Kommunane har eit viktig arbeid framfor seg. Skal vi som samfunn handtere eldrebølga og sikre heile og faste stillingar, må vi i fellesskap sørge for endring. Det gjerast mykje godt arbeid i kommunane for å skape heiltidskultur, men endring må også skje frå Stortinget.

Arbeiderpartiet vil styrke retten til heiltid i lovverket ved at arbeidsgivar må dokumentere at det er behov for deltidsstilling. Dette vil vere eit stort steg i riktig retning.

Visst eg er stortingsrepresentant frå hausten av, vil eg kjempe for at vi sikrar alle rett til heile og faste stillingar. Dette vil gagne den enkelte arbeidstakar, men også kommunane, som treng at dei tilsette blir verande i yrket.

Les tidligere gjestekommentarer