Nyheter
Tryggaste fjorden i landet
Tysdag markerte Norddal kommune 75-årsdagen for Tafjordulykka i forvissing om at neste gong eit fjell rasar ut i fjorden, vil innbyggarane vere evakuerte.
- 40 menneskeliv gjekk tapt i Tafjordulykka, og framleis lever vi med trugselen om at fjell kjem til å rase ut i fjorden og skape ein stor tsunami. Men til skilnad frå katastrofen i 1934, veit vi at innbyggarane blir varsla før neste fjellras og flodbølgje kjem, sa ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal då 75 års minnet for Tafjordulykka blei markert med kransepålegging og minnesamver. Både ordførar, fylkesordførar og fylkesmann slo fast at innbyggarane no bur langs den tryggaste fjorden i landet. Dette takka vere det svært avanserte overvakingssystemet av ustabile fjellparti gjennom Åknes - Tafjord Beredskap IKS.
Tafjordulykka skjedde då fjellet Langhammaren rasa ut i Norddalsfjorden mellom bygdelaga Tafjord og Fjørå, og skapte ein tsunami med opptil 62 meter høge, øydeleggande bølgjer.
Kommunen og Tafjord Kraft-konsernet vil no etablere eit eige skredsenter i Tafjord. Senteret skal mellom anna formidle fakta rundt rasulykka, drive opplæring og skape respekt for naturkreftene.
- Sunnmøringane lærde av det som skjedde i 1934. Gjennom iherdig lokalpolitisk innsats vekte ein sentrale styresmakter. No forstår dei alvoret og trugselen om nye fjellras, og medverkar til overvaking og beredskap saman med lokale styresmakter. Folket langs fjorden kan sjå optimistisk på framtida, sa fylkesmann Ottar Befring. Han har elles nominert Stranda og Norddal kommunar til årets beredskapskommune 2008.
Minnesmerka over Tafjordulykka i bygdene Fjørå og Tafjord blei bekransa. Frå venstre flaggjente Synnøve Rødal, fylkemann Ottar Befring, ordførar Bjørn Inge Ruset og flaggjente Liv Randi Rødal. Foto: Sissel Brunstad