Personar med utviklingshemming er like ulike som andre, og det finst ikkje ein fasit og eit tal som vil passe for alle, skriv Liv Signe Navarsete. Hun etterlyser meir valfridom for bebuarane.

Lytt meir til bebuarane!

Det trengst ei revidering av bustadpolitikken for personar med utviklingshemming.

Publisert

Det har gütt 30 ür sidan HVPU-reforma. Statsforvaltaren i Vestland etterlyser meir valfridom for bebuarane, og oppmodar til ny offentleg debatt om det statlege regelverket, kommunal praksis og kva personar med utviklingshemming sjølv meiner er gode bustadløysingar.

I 1985 konkluderte eit samla offentleg utval med at livssituasjonen og levekĂĽra for psykisk utviklingshemma i institusjonane er medmenneskeleg, sosialt og kulturelt uakseptable (NOU 1985:34, s. 12).

Kommunane gir uttrykk for at alle, sü langt som mogleg, skal fü velje bustad og buform ut frü eigne behov og ønske. Det er ofte ikkje slik det fungerer i praksis.

Utvalet tilrådde ei rask avvikling av Helsevernet for psykisk utviklingshemma (HVPU). HVPU-reforma kom på 90-talet, og bygde på eit integrerings- og normaliseringsprinsipp. Stortingsmelding nr. 47 (1989—90) la til grunn at levekåra skulle vurderast ut frå dei verdiane og normene som gjeld for alle, og at det ikkje skulle vere ein særskild målestokk for personar med utviklingshemming.

Mykje har endra seg til det betre pü 30 ür med fagutvikling, buoppfølging, rettar til brukarstyrt personleg assistanse og auka levealder.

Norsk bustadpolitikk har som mül at flest mogleg skal bu i mest mogleg vanlege bustader i ordinÌre bumiljø, og ha høve til ü leve sjølvstendige og aktive liv. Kommunane har gjort store investeringar i bustader til personar med utviklingshemming, og für investeringstilskot og lün til bustadene frü Husbanken.

Husbanken tilrĂĽr fire til ti samlokaliserte bustader i rettleiaren for lokalisering og utforming av omsorgsbygg. I praksis vert dette talet overskride i ei rekke byggjesaker.

Det er grunn til ĂĽ hevde at det no er pĂĽ tide ĂĽ ha ein ny diskusjon rundt det statlege regelverket, som Husbanken forvaltar, og praksisen som gjeld nĂĽr den enkelte skal flytte i ny bustad. SĂŚrleg gjeld dette talet pĂĽ kor mange som kan bu saman og krav til lokalisering.

Personar med utviklingshemming er like ulike som andre, og det finst ikkje ein fasit og eit tal som vil passe for alle. Nokre lever sjølvstendige liv i ein ordinÌr bustad, har behov for fü tenester og kan leve godt integrert i nÌrmiljøet. Andre har behov for heildøgns helse- og omsorgstenester og vil kanskje ha sitt viktigaste nettverk blant andre i same situasjon.

Skal ein nü mülsettinga om normalisering og integrering, mü det handle om ü tilby ulike løysningar til bebuarar med ulike behov.

Noreg er forplikta til ü følgje FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne. Artikkel 19 presiserer at personar med utviklingshemming skal kunne velje bustad, og kvar og med kven dei skal bu, pü lik linje med andre.

Dei fleste personar med utviklingshemming leiger bustad frĂĽ kommunen. Om lag 25 prosent av alle utviklingshemma eig sin eigen bustad, mens eigardelen for resten av befolkninga er om lag 80 prosent. Det gjer utviklingshemma sterkt underrepresenterte blant bustadeigarane.

Kommunane gir uttrykk for at alle, sü langt som mogleg, skal fü velje bustad og buform ut frü eigne behov og ønske. Det er ofte ikkje slik det fungerer i praksis. Mange ventar i fleire ür pü ein bustad, og nür dei endeleg für eit tilbod, er det vanskeleg ü ikkje takke ja.

I praksis organiserer fleire kommunar tenestene slik at det avgrensar vala, og ein har ikkje innverknad pĂĽ kor ein kan bu og kven ein vil bu saman med.

Det finst konkrete døme i norske kommunar pü samlokaliserte bustader for ütte bebuarar med ei personalgruppe pü over 70 tilsette, og bufellesskap med tre bebuarar med berre Êin tilsett pü jobb til ei kvar tid.

Kommunar vil ofte ha fleire bueiningar saman. Dei grunngir samlokalisering med tilgang pü helsepersonell med rett kompetanse, gode fagmiljø og førebygging av einsemd. Dei avviser at motivasjonen er stordriftsfordelar ved ü samle mange bustader pü Êin stad.

Statsforvaltaren etterlyser meir valfridom for bebuarane. I eit samfunn der einsemd aukar og der nÌrmiljø, tryggleik og bustad püverkar livskvalitet, er det neppe tenleg ü sette eit tal bueiningar som gjeld for alle. Normalisering og integrering handlar om ü etablere bustadtilbod som legg til rette for eit sü meiningsfullt liv som mogleg.

Å ta avgjerd utan at bebuaren er med, og ikkje ha system for avgjerdsstøtte, er ikkje i tråd med prinsippa i FN-konvensjonen. Vi etterlyser meir merksemd på brukarmedverknad, både på individ- og systemnivå. Vi bør ha ein overordna diskusjon om kven som har behov for eigen bustad og kven som vil ha større utbyte av å bu i meir institusjonsliknande rammer.

Vi treng meir kunnskap om kva som er dei beste løysingane for den det gjeld, ikkje løysingar baserte pü utdaterte prinsipp og økonomiske prioriteringar.

Det trengst ein offentleg debatt bĂĽde frĂĽ staten og kommunar, og ei revidering av bustadpolitikken for personar med utviklingshemming.