Ordførar Jon Askeland (Sp) i Radøy, varaordførar Nina Bognøy (Ap) i Lindås og ordførar Øyvind H. Oddekalv (Ap) i Meland var med på å vedta å gå saman i ein ny kommune i dag. Bilde er frå folkerøystinga i Meland tidlegare i vår. Foto: Lisa Rypeng

Nordhordland kommune vedtatt

Kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy gjorde onsdag historiske vedtak om å gå saman i ein ny kommune. 

Onsdag klokka 12.00 starta kommunestyra i Lindås, Meland og Radøy sine møter samtidig. Fleirtalet i alle dei tre kommunane stemte ja til likelydande vedtak om samanslåing, og stilte seg bak søknaden til Kommunaldepartementet.

Felles søknad om å bli ein kommune frå 2020 blir sendt allereie i morgon. Den nye kommunen har namnet Nordhordland som arbeidstittel 

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.