Nyheter

Ny rådmann i Sveio

Mikal Møller Hovda (63) starta som rådmann i Sveio kommune 1. juli.

Publisert Sist oppdatert

- Korleis er overgangen frå å vere kommunalsjef til å vere rådmann?

- Den er ikkje så stor. Eg var jo borti det meste av det som skjedde i kommunen før og. Men det er klart ein føler meir ansvar som rådmann, og eg er meir inne på helse og sosial no.

- Kvifor vil du vere rådmann?

- Eg er veldig interessert i samfunnsutvikling og utviklinga av Sveio. Eg vil påvirke her.

- Kva er den største utfordringa for Sveio?

- Det er å styre økonomien best mulig. Vi slit litt økonomisk, vi hadde eit underskot på 8 millionar i fjor.

- Kva er din medisin for å betre økonomien?

- Vi må budsjettere meir realistisk. Litt avhengig av kva som kjem i statsbudsjettet, må vi ned 5-10 millionar. Det er viktig å jobbe for auka inntekter. Vi legg ut næringsområder no. Vi er ein vekstkommune. Det gjeld å auke folketalet. Målet er 5.000 innbyggjarar neste år.

- Kor tøft er det å skjere ned i ein kommune der du kjenner alt og alle?

- Det er klart det er tøft. Og vi har ikkje dyr drift heller. Vi ligg under med omsyn til driftsutgifter sett i høve til kommunar det er naturleg å måle seg med.

- Sveio vert definert som ein presskommune i likhet med Haugesund og Karmøy i Miljøverndepartementet sitt høyringsutkast om forvaltning av strandsona. Det er ikkje du enig i?

- Nei, eg håper vi kan komme i ein betre kategori. Vi har sagt kva vi meiner innan fristen no. Vi føler vi kan ta oss betre av vår eigen kommune enn andre kan. Vi har laga ein kystsoneplan, og det er den vi byggjer på. Vi vil jo ikkje øydeleggje kommunen vår.

- Du har vore aktiv Høgre-politikar. Har du lagt politikken på hylla for godt no?

- Det er 15 år sidan eg slutta. Eg kan ikkje tenke meg at det blir meir.

- Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

- Det er ikkje så enkelt. Eg trur eg er open og høyrer etter. Eg prøver å setje meg mål eg skal følgje.

- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?

- Eg syns vi i kommunane er svært like. Eg ville skrive meir om kommunar som har gjort ting annleis og fått det til og funke.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Eg les litt aviser kvar morgon.

-

Kva gjer du på fritida?

- Eg driv med hobbysnekring. Eg har eid ein gard, som sonen no har tatt over. Eg har ein del bygningar som eg snekrar på.

- Du får velje kven du vil ha med på ein middag for to. Kven vel du?

- Fyrst tenkjer eg på kona. Elles kunne eg tenkt meg ein middag med Kåre Willoch. Han er ein vidsynt mann.

- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?

- Eg les ikkje bøker akkurat no, Det går i saksdokokument. Eg har ikkje lese bøker dei siste åra.

Powered by Labrador CMS