Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Tillit – fordi folk fortener det

Eg er overtydd om at ein kultur for tillit, kreativitet og risikovilje i eit lokalsamfunn er avgjerande for attraktivitet og vekst.

Tysdag 6. oktober heldt den danske statsministeren Mette Fredriksen si opningstale til eit nytt arbeidsår i det danske Folketinget. Der lanserte ho noko ho sjølv ope innrømma er «... en lidt vild idé» (...), «... noget vi ikke har prøvet før».

Idéen er at den danske regjeringa vil foreslå å gi sju danske kommunar fullstendig fridom på utvalde politikkområde. Ikkje «tullefridom» i små symbolsaker, men reell fridom over dei verkeleg store kommunale oppgåvene: Barnehage, skule, eldreomsorg.

La Mette Fredriksens «lidt vilde idé» om fullstendig fridom inspirere.

På desse områda skal statleg lovgiving og styring rett og slett i all hovudsak bli oppheva i dei utvalde kommunane – og kommunane må på si side slutte å detaljstyre den enkelte skule, barnehage og omsorgssenter.

Grunnskulen skal framleis vere gratis. Elevane skal framleis meldast opp til eksamen og få sine karakterar når dei er ferdige med 10. klasse. Men utover det skal ikkje politikarar og byråkratar legge seg opp i korleis skulane organiserer sin kvardag. Slutt på nasjonale fagplanar, slutt på nasjonale prøver, slutt på krav til klassestorleik og bemanning.

Som Mette Fredriksen – sosialdemokraten Mette Fredriksen – sa det til Folketinget: «Vi fjerner så meget statslig regulering og lovgivning som muligt. I stedet lader vi mennesker tage ansvaret selv. Vi lever i år 2020. Vi er en af verdens bedst uddannede befolkninger. Vi behøver ikke lovgive om alt mellem himmel og jord.»

Dette er eit framlegg som ville hatt ein snøballs sjanse i helvete i norsk forvaltingstradisjon. Det ville ha blitt skote i fillebitar frå alle hald. Frå høgreside, venstreside, overside og underside – frå direktorat, fylkesmenn, barne-, elev- og eldreombod, lærarlag og andre fagorganisasjonar som hadde pøst titals millionar inn i kommunikasjons- og lobbyistbransjen for å stoppe det.

Høgst truleg også av eit nær unisont politisk miljø på Stortinget – og kanskje også av kommunesektoren sjølv. For ingenting er så skummelt som å gi frå seg makt.

Vi kjem nok aldri så langt i Noreg. Kanskje heller ikkje i Danmark når Mette Fredriksens «vilde idé» får brynt seg på motkreftene. Men det er uendeleg viktig at nokon på denne måten torer å bryte med vande tankemønster. For Mette Fredriksen har prinsipielt sett heilt rett: Det er absurd at vi i eit samfunn der folk har stadig betre utdanning, stadig betre fagleg grunnlag for jobben dei gjer – detaljstyrer arbeidskvardagen til folk meir og meir.

Dei neste åra skal nye Stad kommune vere med på eit forsøk som ikkje er like revolusjonært som Mette Fredriksens fridomsreform – men uansett viktig og nødvendig for å fornye Kommune-Noreg.

Stad skal saman med Nordre Follo bli dei første i Noreg som tar i bruk samskaping som arbeidsmetode på øvste nivå i styringa av kommunen – som overordna arbeidsform for all samfunns- og tenesteutvikling.

Det betyr at vi må tore å sleppe andre aktørar i lokalsamfunnet «heilt inn» i avgjerdsprosessane. Ikkje lenger først sette oss eigne mål og rammer og deretter søke samarbeid med andre – men å ta i bruk alle ressursane i lokalsamfunnet heile vegen.

I stort og smått skal vi saman med andre aktørar i lokalsamfunnet vårt saman definere problem og mål, utvikle og teste nye idear, og sette nye løysingar ut i livet. Prøve og feile – heilt sikkert feile innimellom – men våge å vise andre aktørar i eige lokalsamfunn tillit i stort og smått, bruke møteplassar, partnarskap og samhandling som arbeidsmetode i heile organisasjonen.

Dette er i og for seg enkelt og intuitivt riktig, men på same tid kolossalt krevjande å få til i praksis. Det handlar mest av alt om det same som Mette Fredriksen sin fridomsreform: Å gi folk tillit.

Å lukkast med samskaping som overordna arbeidsform i ein kommune krev ei stor grad av tillit på tvers mellom aktørane i lokalsamfunnet – mellom politikarar og administrasjon, og mellom kommunale avdelingar på tvers. Det betyr at alle må gi frå seg litt makt, for å gi rom for fleire skapande krefter som arbeider saman.

Eg er overtydd om at ein kultur for tillit, kreativitet og risikovilje i eit lokalsamfunn er avgjerande for attraktivitet og vekst. Ikkje minst handlar det om å lukkast med å mobilisere alle gode krefter i det sivile samfunnet – frivillige lag og organisasjonar, bygdelag og engasjerte enkeltpersonar – for å utfylle og styrke eit velferdssamfunn som vil bli sett på stadig hardare prøver.

Mi oppmoding til nasjonale politikarar i alle parti i stortingsvalåret vi snart går inn i, er å tenke seg om ein ekstra gong før ein med brask og bram lanserer nye statlege standardløysingar, øyremerking og påbod som ein trer nedover Kommune-Noreg. Eitt for eitt gir dei kanskje meining, men summen av dei kan vere øydeleggande.

Det folk mest av alt treng i sin eigen kvardag, er at nokon trur på dei. At dei har tillit. La Mette Fredriksens «lidt vilde idé» om fullstendig fridom inspirere. Det fortener alle hardtarbeidande tilsette, folkevalde og innbyggjarar i norske kommunar. Og det er dei som er «folk flest».