Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

På jakt etter oppgåver

Alle vil ha desentralisering. Kvifor vert det då så lite av det?

«Regionreformen er et makkverk!» Orda er ikkje mine, men tilhøyrer Jonas Gahr Støre. Den kategoriske domen fall under ein debatt i innspurten av valkampen i fjor.

Kvar i alle dagar hadde Ap-leiaren lært seg slik språkbruk, undrar du kanskje. Kan det ha vore på Institut d’études politiques de Paris?

Desentralisering kan skje i eit utal former, og ut frå eit utal ulike føresetnader.

Spør du meg, vil eg tippe at det var ein politisk rådgivar som hadde instruert han om å kline til med den friske karakteristikken – kanskje den same rådgivaren som i si tid overtydde Støre om at han ville bli oppfatta som folkeleg om han stilte på fjernsyn i flanellskjorte à la Haakon Lie.

Støre risikerte sikkert ikkje så mykje med å omtale reforma på ei så respektlaus måte. Regionreforma er elska av få. Ja, sjølv dei blant dei sterkaste tilhengjarane er det vanskeleg å finne nokon som kan stå heilt inne for prosessen og resultatet: Det vart ikkje heilt slik vi ville, vil mange av dei vedgå.

Men dei vil gjerne insistere på at tanken var god, og at the best is yet to come: Berre vent, snart kjem det ein drøss med nye oppgåver frå staten til fylkeskommunane, og då vil alle forstå at det var viktig å slå saman fylke.

Berre vent, så skal de få sjå at regionreforma leverer; at ho innfrir forventingar om å flytte makta nærare folket og lokalsamfunna. Det tek berre litt tid.

Ja, det tek tid, men kvifor gjer det det? Regionreforma vart i si tid selt inn som ei desentraliseringsreform, og ein kan undre seg over at det skal vere så vanskeleg å få flytta over makt og oppgåver til fylkeskommunane.

Politikarar frå alle delar av det politiske spekteret snakkar varmt om desentralisering, kan dei ikkje berre handle? Kva er det som er proppa i systemet? Har eigenrådige byråkratar og andre sneversynte sentralistar så fast grep om statsapparatet at det er uråd for dei folkevalde å få gjort noko med det?

Når desentraliseringa går trått, er det lett å skylde på alle dei mørkerets skapningar som foraktfullt vert omtala som «Oslo-makta», men det er ikkje nødvendigvis dei som utgjer hovudproblemet. Eg trur det er minst like viktig at det ofte skjer noko med ambisjonen om desentralisering straks vi prøver å forme han om frå ein overordna idé til handfaste tiltak. Sjølv folk som reknar seg som ihuga desentralistar, kan kjenne på klumpen i magen når dei oppdagar at den eine forma for desentralisering kan slå den andre i hel, eller at flyttinga av makt og ansvar «nedover i systemet» kan ha sterkt uønskte praktiske og prinsipielle konsekvensar, også for lokalsamfunna sjølve.

Desentralisering har i seg sjølv ikkje nødvendigvis eit verdiinnhald. Desentralisering kan skje i eit utal former, og ut frå eit utal ulike føresetnader. Visst kan den fremje demokrati og mangfald – men den kan òg vere eit uttrykk for ansvarsfråskriving og undergraving av nasjonal politikk.

Når ein i desse tider leitar etter nye gjeremål for fylkeskommunane, synest det vere knytt særleg store forventningar til kva som kan hentast i dei ytre delane av den sentrale statsforvaltninga. Statlege direktorat og tilsyn sysselset meir enn 18.000 høgt kompetente menneske, og at fleire delar av landet vil ha ein del av desse arbeidsplassane, er ikkje til å undre seg over.

Men det er ikkje utan vidare logisk at ein solid slump av desse funksjonane skal gjerast fylkeskommunale. Om oppgåvene framleis skal vere som til no, og spegle eit utprega fagleg og teknisk forvaltaransvar ut frå sentrale retningsliner, vil dei i ytste fall kunne bidra til at fylkeskommunen vert endra til eit byråkrathotell. Dette er neppe rett medisin for ein fylkeskommune som treng meir, ikkje mindre politikk for å skape engasjement og oppslutnad.

Så er det ikkje det som er poenget, kan ein innvende: Føremålet er nettopp å politisere desse oppgåvene, ved at direktorat- og tilsynsoppgåver kjem under reell fylkespolitisk leiarskap.

Tanken er naturlegvis legitim, men erfaring fortel oss kva motargument som vert mobiliserte: Dette inneber undergraving av einskapsstaten og hardt tilkjempa individuelle rettar, vil det bli hevda – og det er all grunn til å tru at kommunepolitikarar òg vil protestere om maktoverføringa inneber at dei i større grad må underordne seg fylkeskommunal makt.

Desentralisering av oppgåver er ikkje umogleg, men desentralisering og politisering i ei og same rørsle er vanskeleg her til lands. Om det er utflytting av statlege arbeidsplassar som er målet for norske fylkespolitikarar, vil dei ha langt større sjanse til å nå fram om dei ikkje insisterer på at det er dei sjølve som skal stå som arbeidsgivarar.

Om målet er å auke styrke eiga politisk slagkraft og relevans, finst det viktigare ting å gjere enn å «rope på oppgåver». Det fylkeskommunen treng, er ressursar og armslag til å drive politisk innovasjon; til å skape sine eigne oppgåver; til faktisk å fylle det handlingsrommet fylkespolitikarane allereie har gjennom det kommunale sjølvstyret.