Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Nærleik i koronaens tid

I alle dei store samfunnsendringane som no står føre oss, må dei gode svara finnast på det lokale nivået.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Stad kommune.

Verda er inne i ein av dei mest uføreseielege periodane på fleire tiår. Trugsmålet om ein pandemi er i ferd med å bli røyndom. Det nye koronaviruset spreier seg raskt verda over, med etterfølgjande svikt i økonomien og kollaps i finansmarknaden.

Når krisa truar, blir vi jamt over meir «lokale» i vår tilnærming til livet.

Nøyaktig kor alvorleg koronasituasjonen vil bli i Noreg, er for tidleg å seie. Det som er sikkert, er at utbrotet gir oss ei viktig påminning om at alle kriser til sjuande og sist må handterast lokalt. Det er kommunane – i tydinga heile lokalsamfunnet – som ofte må finne løysingane på store utfordringar som møter oss.

Ein av mine store kjepphestar som lokalpolitikar, er at det vi driv med på lokalplanet, ikkje er noko «mindreverdig» eller mindre viktig enn politikk på det nasjonale planet. Å vere lokalpolitikar er ikkje fyrst og fremst eit springbrett til rikspolitikken. Det er meiningsfullt og viktig i seg sjølv – og kan på sitt beste endre landet og verda.

I alle dei store samfunnsendringane som no står føre oss – klimakrisa, grøn omstilling av økonomien, eldrebølgja, urbaniseringa, digitaliseringa, beredskap mot pandemi og ekstremvêr – må dei gode svara finnast på det lokale nivået.

Eg er til dømes sikker på at mange mindre kommunar har mykje å lære av korleis dei store byane går i front for smart arealbruk og god byplanlegging, med mål om utfasing av fossil energi på alle samfunnsområde. «Mikrourbanisering» må til også på bygda – og initiativet til det må komme nedanfrå, ikkje ovanfrå.

På same tid har mange større kommunar mykje å lære av det tette samspelet som er mellom kommune, frivillegheit og lokalsamfunn elles i mange mindre kommunar. Ikkje minst for å møte demografiske endringar, med fleire eldre og tøffare prioriteringar for kva pleie- og omsorgsoppgåver det offentlege har kapasitet og ressursar til å ta seg av.

Det er også – paradoksalt nok – slik at i ei stadig meir teknologisk samanvoven verd, blir lokalsamfunnet stadig viktigare. Globalisering, digitalisering og «lokalisering» kan gå hand i hand.

Skal vi løyse klimakrisa, må meir av energien bli produsert lokalt og gå inn i eit lokalt krinsløp. Skal vi unngå sløsing med knappe ressursar, er felles løysingar i eit lokalsamfunn framfor private løysingar heilt nødvendig: Bildeleringar, marknader for lokal mat, gjenbruksmarknader for kle og sportsutstyr.

Ein heilt konkret effekt av koronatrugsmålet er allereie ein eksplosiv vekst i marknaden for videokonferanseutstyr. Folk kuttar unødvendige lange reiser i jobbsamanheng, og møtes i staden digitalt. Det fungerer for dei fleste formål utmerka, og gjer kvardagen lettare med meir tid frigjort til å vere til stades i sitt eige lokalsamfunn.

Når krisa truar, blir vi jamt over meir «lokale» i vår tilnærming til livet. I åra framover trur eg vil vi få sjå det sterkare enn nokon gong.

Sterkare lokale nettverk og velfungerande lokalsamfunn er kanskje også den einaste verkeleg verksame medisinen mot ei av vår tids aller største trugsmål: Auka polarisering.

Det er i eige lokalsamfunn du møter folk ansikt til ansikt. Der kan du i lengda ikkje gøyme deg bak ein «digital fasade». Det er der du lærer å knekke dei sosiale kodane, å omgåast andre. Heller ikkje dette kjem av seg sjølv, men kan leggast til rette for i eit lokalsamfunn ved å skape gode offentlege møteplassar, stader der unge møter eldre, samfunns- og arealplanlegging som hindrar gettoisering og store sosiale skilnader.

Mange vil sikkert lese det eg har skrive til no som ein «hyllest til fortida» – eit hurrarop for dei gamle, gode småkommunane. Så enkelt er det ikkje. Å møte utfordringane eg her har skildra, er meir komplekst enn nokon gong. God, gammaldags dugnadsånd og entusiasme er viktig, men ikkje tilstrekkeleg.

Skal vi løyse klimakrisa, møte eldrebølgja, gripe moglegheitene i digitaliseringa og vere rusta mot ekstremvêr og pandemi, må ikkje kommunane fyrst og fremst vere små. Det krev handlekraftige, fagleg oppdaterte, kompetente og endringsvillige kommunar som maktar å spele på lag med alle aktørar i lokalsamfunnet.

Å byggje opp gode nok fagmiljø til å skape rammene for framtidas sterke, men komplekse, lokalsamfunn er krevjande. Skal vi som kollegium av lokalpolitikarar kunne seie til staten at vi er klare for å ta jobben, er det nødvendig med betydelege endringar i kommunestruktur enno, særleg i Nord-Noreg og Innlandet.

Gabriel Garcia Marquez skreiv i sin udødelege roman om «Kjærleik i koleraens tid». Vårt kapittel i historieboka får kanskje tittelen «Nærleik i koronaens tid».

Som lokalpolitikar er eg i alle fall sikker på at vår innsats speler ei avgjerande rolle i å forme framtida – meir enn nokon gong i ei tid der dramatiske samfunnsendringar står føre oss.