Kronikk
Det naudsynte mellomleddet
Fungerer lokaldemokratiet best om vi fjernar mellomledda mellom kommunen, folket og dei folkevalde? Eg tvilar sterkt.
Eg er historikar, og sĂĽleis del av ei hundsa og misforstĂĽtt gruppe menneske som kan finne stor glede i ĂĽ lese gamle NOU-ar. Nyleg fann eg fram ein retteleg klassikar, NOU 2006:7. Tittelen, for dei som ikkje tek den pĂĽ sparket, var: Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken.
Visst kan journalistane vere a pain in the ass, men eg er overtydd om eit tilvĂŚre i medieskuggen er langt verre.
Det har gütt 14 ür sidan NOU-en kom ut, men delar av dette er definitivt historie. Om ein les det den düverande Lokaldemokratikommisjonen skreiv om lokaldemokrati og digitalisering, er det i alle høve opplagt at det har runne mange gigabytes gjennom norske nettverkskablar sidan 2006.
For, kan du tenkje deg: Ă ret 2006 var ei tid dĂĽ ein framleis hadde tru pĂĽ at dei kommunale heimesidene pĂĽ internett kunne fungere som ein viktig demokratisk arena og direktekanal mellom politikarane og innbyggjarane!
For veljarane kunne ei kommunal heimeside vere noko meir enn stad der ein søkte informasjon. Ho kunne òg opne for ü føre politiske samtalar, ü setje saker pü dagsordenen, ü presentere eller kommentere forslag, eller ü krevje endringar i politiske vedtak.
Politikarane kunne dessutan nĂĽ direkte heim til folk med den politiske bodskapen via dei kommunale heimesidene, presentere bakgrunnen for standpunkta og debattere med innbyggjarane, ÂŤutan ĂĽ gĂĽ vegen via lokale mediaÂť, som det optimistisk heitte.
For lokale media var opplagt eit uønskt mellomledd i sü müte. NOU-en ytra ei von om at informasjonsmonopolet til media ville forvitre, no som den nye teknologien opna for ü føre politikarar og innbyggjarar tettare saman. No gjaldt det berre ü overvinne dei hindringar som fanst for at dei kommunal heimesidene kunne innfri potensialet.
Eitt problem var at politikarane sü langt ikkje engasjerte seg digitalt. Om ikkje dei var til stades i debatten, vart det ikkje nokon diskusjon. Og for ü sikre seg at diskusjonen gjekk føre seg i saklege og ansvarlege former, var det dessutan viktig at kommunen tok redaktøransvaret langt meir alvorleg, understreka utgreiinga.
Eg kan ikkje skryte av at eg har vore innom alle landets kommunale heimesider, men om dei eg har sett er representative, er det like lite som tyder pĂĽ at dei arenaer for boblande engasjement og sydande meiningsutvekslingar mellom politikarar og innbyggjarar i 2020, som tilfellet var i 2006.
Ambisjonen til Lokaldemokratikommisjonen er likevel realisert, om enn pü heilt andre digitale arenaer. For nettopp i 2006 vart Facebook lansert internasjonalt. Og her, og pü andre sosiale medium, ser vi at büde lokalpolitikarar og innbyggjarar verkeleg boltrar seg, utan at lokalavisa (eller den kommunale EDB-konsulenten) utøver noko plagsamt redaksjonelt overoppsyn. Her sit ingen og rugar pü dette forbaska redaktøransvaret.
Det er klart at dette pĂĽ mange mĂĽtar er ei positiv utvikling. Det er enklare ĂĽ komme til orde og ĂĽ fĂĽ sagt det du vil ha sagt â fullt ut, utan fare for at nokon vrir og vender pĂĽ det.
Om ein tanke verkeleg har livsens rett, er det dessutan langt lettare ĂĽ nĂĽ fram til og ĂĽ mobilisere meiningsfellar enn kva tilfellet var i 2006.
Men det er ogsĂĽ mange minus ved denne utviklinga. Eitt er at mange lokalpolitikarar er litt for glade i ĂĽ selje seg inn pĂĽ ein slik mĂĽte at dei møter med minimalt med motførestellingar. Ănsker dei ĂĽ gjere seg sjølve til sentrum i ei kommunal gladsak, og dĂĽ pĂĽ ein slik mĂĽte at dei vinn diskusjonen i kommentarfeltet i etterkant â ja, sĂĽ klarar dei stort sett det, om dei er over middels digitalt og sosialt kompetente.
Og lokale aviser, dei som tradisjonelt har fungert som eit filter mellom politikarane og allmenta, og den fremste arenaen for det lokalpolitiske ordskiftet, slit i mange tilfelle i møte med den nye, digitale røyndomen. Sosiale medium representerer süleis ikkje berre ein meirverdi, for i praksis bidrag dei ofte til ü undergrave dei gamle mediekanalane.
Mange lokalaviser er økonomisk sĂĽrbare. Om tilstrekkeleg mange lesarar meiner at dei finn det dei treng for ĂĽ halde seg tilstrekkeleg orienterte om lokalsamfunnet gratis, pĂĽ Facebook â og om dei lokale annonsekronene ogsĂĽ vert flytta til digitale plattformer, ja, sĂĽ kan det vere at mange aviser kryssar den økonomiske smertegrensa.
Har sosiale medium gitt oss ein lokalpolitisk boltreplass som gjer lokalavisa overflødig? Eg trur ikkje det. Lokaldemokratiet vert fattigare om det politiske ordskiftet vert styrt utanom redaktørstyrte plattformer, og om det ikkje kan fĂĽ draghjelp frĂĽ journalistar som er balanserte, nyanserte, kritiske og gravande â og vĂĽgar ĂĽ fylle rolla som ombod for dei som ikkje er sterke eller kompetente nok til ĂĽ løfte fram interessene sine, sjølv i ei digitalisert verd.
Visst kan journalistane vere a pain in the ass, om dei blandar seg for mykje, stiller feil spørsmül, synleggjer motsetnader, eller publiserer fakta overfor veljarane pü eit tidspunkt dü det passar som verst for makthavarane. Men eg er overtydd om eit tilvÌre i medieskuggen er langt verre, for lokaldemokratiet og for lokalsamfunnet som heilskap.
Lokalavisene fyller ein viktig funksjon og gjer oss alle ein teneste, nettopp ved ĂĽ gĂĽ inn i rommet mellom kommunen, innbyggjarane og dei folkevalde.