Nyheter

Klare for Nordfjord kommune
Eid og Gloppen er samde om ein intensjonsavtale for å lage Nordfjord kommune. Først skal det vere folkerøysting om samanslåinga.
Avtalen vart lagt fram for kommunestyra i dei to kommunane i dag, måndag, går det fram av ei melding frå kommunane.
Ein ny Nordfjord kommune vil få om lag 12.000 innbyggarar, og er såleis ikkje så stor som ekspertutvalet for kommunereforma har ønskt seg.
“Det vil truleg bli halde ei rådgivande folkerøysting om kommunesamanslåing i begge kommunar i mai, før endeleg vedtak vert gjort av kommunestyra i juni 2016”, heiter det i meldinga frå kommunane.
Sandane vert rekna som kommunesenter, og der skal både ordførar og rådmann med stab sitte. Men i Nordfjordeid skal store deler av administrasjonen ha plass, både skule og oppvekst, helse og omsorg og planavdeling skal halde til å det som i dag er rådhuset i Eid kommune.
Begge rådhusa skal ha sørviskontor for innbyggjarane.
“Eit viktig mål og premiss for samanslåinga er realisering av bru Anda-Lote. Det blir også sett som mål å få lokalisert minst éi større statleg etatseining til kommunen innan 2021, og ein samla vekst i statlege arbeidsplassar på minst 50”, fortel kommunane sjølv i meldinga.
Det nye kommunestyret som skal veljast hausten 2019 skal ha 37 medlemmer, og det skal veljast eit formannskap på 11 medlemmer, går det fram av intensjonsavtalen.
Nordfjord får nynorsk som målform.