Undersøkingar og tilbakemeldingar frå både tidlegare og noverande sjukepleiarar og lærarar viser at ein leveleg arbeidsdag er minst like viktig som lønn, skriv kronikkforfattaren.

Undersøkingar og tilbakemeldingar frå både tidlegare og noverande sjukepleiarar og lærarar viser at ein leveleg arbeidsdag er minst like viktig som lønn, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Elin Svendsen
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kommentar
Kommentarer gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Litt til. Og endå litt?

Då sjukepleiarane og lærarane trykte på den store alarmknappen og streika i vår, var det grunn til å lytta.

Me har det så godt, her i landet. Me har i grunnen ingenting å klaga på. Mat på bordet og tak over hovudet har me, og dei fleste har ei inntekt dei kan leva av.

På vei til Tinget

Kommunal Rapport har invitert kommune- og fylkespolitikere med sjanse til stortingsplass ved valget til å skrive gjestekommentarer.

Skribent denne uka: Ingrid Fiskaa (SV)

Kommunestyrerepresentant i Time

Det er ikkje berre dei eldre som tenkjer slik, dei som sjølv kan minnast eller i alle fall har eit nærare forhold til ei magrare fortid. Også frå mange ungdommar høyrer eg dette. Og ingen likar vel den som klagar – i verdas rikaste land?

Denne klumpen i magen er skapt av politiske vedtak

Så djupt sit dette i mange av oss, at dei som verkeleg har grunn til å ropa ut, heller bit det i seg. Så jobbar dei endå litt hardare, og spring endå litt fortare. Berre av og til kjem det til overflata, og me får høyra historiene om helsearbeidarane som græt på jobb, og bøndene som ikkje orkar meir. I staden for å klaga, finn dei seg ein veg ut av yrket.

Sjølv tillitsvalde seier: Me vil jo ikkje framstå som sytete. Og me likar i grunnen ikkje å streika. Men det var siste utveg.

Så då sjukepleiarane og lærarane trykte på den store alarmknappen og streika i vår, var det grunn til å lytta. Me har allereie ein mangel på kvalifiserte fagfolk innan helse og utdanning. Og den fremste grunnen er at fagfolka finn seg andre jobbar: 2 av 5 sjukepleiarar sluttar før dei har jobba 10 år i yrket, og 40 000 lærarutdanna kvinner og menn har valt seg arbeid utanfor skulen. Resultatet er dels kronisk underbemanning, dels at kvalifiserte blir erstatta med ukvalifiserte. Dei som blir igjen, må jobba endå meir, i ein stadig meir komplisert arbeidskvardag.

Då regjeringa gjekk inn med tvungen lønnsnemnd mot streiken, og fekk støtte frå fleirtalet på Stortinget, var det med grunngivinga «fare for liv og helse». Og det delvis fordi streikeuttaket til sjukepleiarane gav ei bemanning på nivå med ei heilt vanleg helgebemanning!

Dei streikande fekk også beskjed frå regjeringa om at viss det er så gale som dei påstår, så må dei varsla om det. Kva er det regjeringa ikkje får med seg?

Streiken handla i første rekke om lønn, fordi høgare lønn er eitt av dei tiltaka som skal til for å behalda og rekruttera kvalifisert personell. Eit partssamansett utval slo nyleg fast at lærarane har blitt hengande etter i lønnsutviklinga, og dokumenterte dermed at dette er eit rimeleg krav. Lønnsnivået fortel også noko om statusen på yrket, og er ein handfast måte å visa at samfunnet anerkjenner den viktige jobben velferdsstatens arbeidarar gjer.

Høgare lønn er likevel ikkje det einaste som trengst. Undersøkingar og tilbakemeldingar frå både tidlegare og noverande sjukepleiarar og lærarar viser at ein leveleg arbeidsdag er minst like viktig: Gode arbeidstidsordningar, rett og god nok bemanning, tid til å sjå kvar enkelt elev eller pasient.

Helsearbeidarar og lærarar er stolte av yrket sitt, og glad i det som er sjølve meininga med jobben: Å få jobba med og for andre menneske. Men når dei heile tida blir hindra i å gjera ein jobb dei kan stå inne for, og må gå heim med klump i magen og dårleg samvit, er det ikkje rart at dei forsvinn – ein etter ein.

Denne klumpen i magen er skapt av politiske vedtak. For både høgare lønn, høgare bemanning og meir tid kostar pengar, og dei økonomiske rammene for lønnsoppgjer og rett bemanning i velferdsstaten blir avgjort av Stortinget sine budsjettvedtak. No er det rett nok ikkje billegare å driva ein velferdsstat på vikarar innleigde frå bemanningsbyrå, som fleire kommunar og sjukehus tyr til når dei manglar faste tilsette, og når dei fast tilsette slit seg ut. Men argumentet for å halda bemanninga nede er alltid økonomi.

Det kan gå bra ei stund til – tilsynelatande. For dei fleste av oss likar ikkje å klaga, og dei fleste varsel og bekymringsmeldingar blir stoppa på veg oppover i systemet, av misforstått lojalitet og fryktkultur, og av leiarar som ikkje vil gi dårlege nyheiter til sine overordna leiarar. Regjeringa klarer sikkert også å presentera tal som skal visa at kommuneøkonomien er god nok. Statistikk kan som kjent vera ein måte å lyga på. Lokale folkevalde veit nok på si side at det manglar pengar i kommunebudsjettet, men får kanskje beskjed om at drifta likevel er «forsvarleg». Me klarer det vel litt til.

Lytt då heller til dei som gjer jobben. Lytt til fagfolka, ikkje direktørane. Ein god skule og gode helsetenester er avhengig av dei som ber velferdsstaten på skuldrene sine. Når dei endeleg gir beskjed, i staden for å bøya nakken, jobba endå litt hardare og til slutt forsvinna ut bakdøra, bør det vera eit kraftig varsel om at velferdsstatens framtid står på spel.