Når store deler av det lokale stoffet er ope berre for abonnentar, kan familiar med dårleg råd oppleve at dei blir ståande utanfor i lokalsamfunnet.

Illustrasjonsfoto: Marius Simensen
Debatt

Vi foreslår verdikort på journalistikk

Økonomiske skilnadar bør ikkje stå i vegen for innbyggjarane si moglegheit til å ta informerte val.

Politikarane bør legge til rette for ei ordning som gir alle tilgang til minst eitt redaktørstyrt, journalistisk medium frå sitt nærområde.

Eit fritt samfunn med menneskerettar, demokrati og rettsstat oppstår ikkje av seg sjølv.

Sosialtenestelova opnar i dag for at ein kan få dekt inntil eitt avisabonnement som del av ein pott som går til mellom anna telefoni. Denne ordninga er lite kjend, blir sjeldan brukt og treff berre ein svært avgrensa del av innbyggarane.

Til dømes vil dei som tek imot arbeidsløysepengar neppe få tildelt stønad etter denne heimelen, og dermed fell mange av dei som no er råka av koronakrisa utanfor.

Går glipp av vesentleg journalistikk

I takt med at norske mediehus blir meir avhengige av abonnementsinntektene for å overleve, vil ein større del av det redaksjonelle innhaldet bli lagt i pluss, det vil seie at det berre er ope for abonnentar. Dermed vil alle som står utan abonnement, gå glipp av vesentleg journalistikk.

«Korleis kan du ha samvit til å legge denne saka i pluss? Forstår du ikkje at den er så viktig at alle må få lese den?»

Dagleg får journalistar og redaktørar slike spørsmål frå lesarar som er rasande, eller fortvila fordi dei ikkje får fri tilgang til saker som dei opplever som livsviktige.

Dei same journalistane og redaktørane er fortvila over at mange ikkje forstår at bak desse sakene ligg det mykje arbeid. Abonnementsinntektene er avgjerande for at dei skal ha eit arbeid å gå til.

Vesentlege informasjonssentralar

Kva som blir sett på som livsviktig informasjon, kan variere frå person til person, men det er ingen tvil om at lokal- og regionavisene er vesentlege informasjonssentralar i sine geografiske område.

Enkelte vil av prinsipp ikkje betale for nyhende, og dei er vi ikkje uroa for. Eit abonnement på ei lokal avis kostar ikkje mange kronene dagleg, og den vesle summen har dei aller fleste råd til – men ikkje alle.

For dei som må snu på kvar ei krone, kan det vere vanskeleg å prioritere andre ting enn mat og husrom. Derfor foreslår vi at det offentlege betaler abonnement på ei valfri avis for dei som treng hjelp frå Nav.

Større informasjonsgap

Under koronakrisa har vi sett aukande behov for dette tiltaket. I husstandar der store deler av inntektsgrunnlaget har falle bort, har løysinga for fleire – motvillig – vore å seie opp abonnementet. Ei slik utvikling vil berre føre til eit enno større informasjonsgap mellom dei som har råd til å bli informerte, og til dei som blir ståande utanfor.

Sosiale medium har gitt mange tilgang til eit stort mangfald av informasjon, og det er positivt.

Samtidig opplever vi aukande spreiing av desinformasjon og personhets på plattformer der ingen har ansvar. Det er behov for media som forpliktar seg på streng presseetikk, som gir rom for ulike stemmer, som fjernar hets og sjikane frå digitale debattar, som alltid kan kritiserast, og kor redaktørar kan stillast til ansvar.

Alle kommunar har behov for medium som informerer, avdekker kritikkverdige forhold og viser konsekvensane av vedtak – men som også løftar fram det som fungerer, heiar på det frivillige arbeidet og fungerer som det limet mediet skal vere i sitt nedslagsfelt.

Samler på tvers

Avisene samlar folk på tvers av politiske synspunkt og interesser, og tilbyr ein felles møteplass for debatt og dialog, der innbyggarane kan stille spørsmål, diskutere, utvikle nye idear og påverke utviklinga.

I tillegg til å vere informasjonssentralar, bidrar dei lokale avisene til å skape geografiske fellesskap. Historisk har lokale mediehus hatt stor betydning for folks identitet, og oppleving av å høyre til ein stad. For nye landsmenn kan lokalavisa vere nyttig for å bli kjent med det som går føre seg i kommunen, og bli del av eit nytt lokalsamfunn.

God lesekompetanse er heilt grunnleggande for at den enkelte skal klare seg både på skule og i arbeidsliv. Derfor er det viktig at barn og unge blir motiverte til å lese frivillig kvar dag, til dømes ved å følgje med på lokal sport. Når store deler av det lokale stoffet er ope berre for abonnentar, vil barn frå familiar utan abonnement gå glipp av dette.

Grunnleggende for demokratiet

Eit fritt samfunn med menneskerettar, demokrati og rettsstat oppstår ikkje av seg sjølv. For at folk skal kunne engasjere seg i saker som vedkjem dei, er god informasjon grunnleggande. Folkestyret er avhengig av godt opplyste borgarar.

Redaktørstyrte media utgjer ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen, og dermed er det avgjerande at alle får tilgang. Enkelte bedrifter tilbyr avisabonnement som eit gode til alle nye arbeidstakarar, og det er ein fin måte å vise samfunnsansvar.

Men kva med dei som er arbeidsledige? Behovet for å følge med kan vere ekstra stort når ein står utanfor arbeidslivet.

Brukarane sine behov må avgjere

Lokalt medium i denne samanheng er dei som dekker eit avgrensa område, som alt frå Dølen i Gudbrandsdalen til Stavanger Aftenblad i Rogaland. Det må vere brukarane sine behov som avgjer. Derfor kan ei slik ordning også dekke abonnement på nisje- eller meiningsberande medium.

Det skal ikkje stå på bransjen for å få til ei løysing som gjer eit foreslått verdikort lett å administrere både for brukarane og dei som tildeler stønaden.

Vi meiner verdikort på journalistikk er viktig, både for å førebyggje utanforskap og for styrke lokaldemokratiet.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.