I månadane som kjem, ønsker eg å lese historier om tilflyttarane som blir sett og får lov til å bidra, skriv Marit Loftnes Mellingen. Bildet er fra Nasjonalt mottakssenter i Råde.

I månadane som kjem, ønsker eg å lese historier om tilflyttarane som blir sett og får lov til å bidra, skriv Marit Loftnes Mellingen. Bildet er fra Nasjonalt mottakssenter i Råde.

Foto: Javad Parsa / NTB
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

– Velkommen! Kven er du og kva kan du?

Når innvandraren går av bussen og skal busette seg i din kommune, får du hen til å kjenne seg nyttig og velkommen eller som ei belastning du berre skal hjelpe?

Dessverre står vi brått i ein stor flyktningkrise, og i vekene og månadane framover vil norske kommunar møte mange nye innbyggjarar for første gang. Dei fleste flyktningane frå Ukraina vil ha ei kort reise frå dei kjem til Noreg til dei bankar på kommunen si dør for å bli busett.

Det er ikkje berre ein flyktning som kjem. Det er ein ressurs. Det er ein ny innbyggar.

Det er dramatisk å få livet snudd opp ned på nokre få dagar og veker. Å flykte frå ein krig er det mest dramatiske ein kan oppleve. For mange er det behov for god medisinsk oppfølging. Nettopp derfor er det ekstra viktig at vi tenker over korleis vi møter flyktningane.

Er utgangspunktet vårt berre at vi skal hjelpe, kan det vere vi sender negative signal. Ser vi dei som kjem som nokon som belastar eit allereie hardt prøva helsevesen, eit skule- og barnehagetilbod som har for få ressursar, og som treng bustad, språkopplæring og ei hand å halde i?

Alt dette kan stemme. Alt dette les vi i avisene at kommunane «riggar seg» for. Men er det lurt at det første spørsmålet er «Kva kan vi hjelpe deg med?»

Det er ikkje berre ein flyktning som kjem. Det er ein ressurs. Det er ein ny innbyggar. Det er ein deltakar, som ikkje ønsker å bli sett på vent til vi er ferdig med å hjelpe.

Kan vi klare å møte dei som kjem med ei moglegheit til å fylle kvardagen med meining og meistring – ikkje berre å vere hjelpelaus mottakar og omsorg? Uansett om den som kjem blir buande i tre månadar, tre år eller for resten av livet, er hen eit menneske med kompetanse, engasjement og ressursar. Måten du tek imot hen på, er avgjerande for kva kommunen og lokalsamfunnet får tilbake.

Erfaringane frå vellykka inkludering av flyktningar i Åre kommune i Sverige er nyttige her. Der ser dei flyktningane som ein ressurs og ein ny innbyggar. Og arbeidet med å ta imot nye innbyggarar har det same utgangspunktet uansett kva type tilflyttar dei møter. Tilflyttarane blir møtt med eit tydeleg individfokus frå dag ein: «Velkommen! Kven er du? Kva erfaringar har du? Kva kan du bidra med?» Personen blir sett. Personen blir verdsett.

Resultatet er vellykka inkludering, der dei som er nye i kommunen, kjem seg i arbeid og deltek i lokalsamfunnet.

I Åre blir du møtt av ein etableringskoordinator som har som hovudoppgåve å kople den nye innbyggaren med rett arbeidsgivar. Eit av dei viktigaste spørsmåla er: «Kva vil du jobbe med, kva erfaring har du?» Koordinatoren rykker ut når det trengst, til dømes ved kommunikasjonsproblem eller konfliktar.

Det er kommunen som har ansvaret og skal organisere alt som skal til for å ta imot flyktningar. Det er viktig at du som ordførar, kommunedirektør, lokalpolitikar eller kommunetilsett tenker over korleis den jobben skal gjerast. Ikkje berre kva du skal gjere, men framfor alt kva du skal seie. I tillegg bør du gjere ein innsats for å få med lokalsamfunnet.

For kommunen kan ikkje gjere jobben aleine. Næringslivet, den frivillige innsatsen og vi som enkeltinnbyggarar, er viktige samarbeidspartar i alt inkluderingsarbeid. Kva likar barna som kjem, å gjere? Likar dei å spele fotball eller synge i kor? Kople på den frivillige innsatsen og få dei med på neste øving.

Kva likar dei vaksne? Er det frivillige organisasjonar som har bruk for dei? Kanskje er det ein dirigent eller ein judotrenar som kjem? Eller nokon som er knallgode på å administrere kontoar i sosiale medium eller lage film?

I Herøy kommune i Nordland og fleire andre stader koordinerer frivilligsentralen den frivillige innsatsen og er kontakt- og informasjonspunkt. I Åre vil du bli møtt av ein frivillig samordnar som jobbar for å gjere dei rette koplingane.

I månadane som kjem, ønsker eg å lese historier om tilflyttarane som blir sett og får lov til å bidra. Dei som fortel at det var ein jobb dei kunne gå inn i med ein gong. Dei som fortel dei kunne bli med som trenar. Dei som fortel at dei fekk synge på konserten to veker etter dei kom til bygda, eller vart keeper på G14-laget.

Inkluderinga startar i den offisielle velkomsten frå kommunen: «Kven er du? Kva kan du?»