Debatt

Veit KS kva dialog er?

I eit svar til vårt innlegg i Kommunal Rapport nr. 5, skriv direktør Olav Ulleren at vi treng konstruktiv dialog mellom partar og styresmakter sentralt for å skape ein god skule. Det er vi sjølvsagt einige i, men vi opplever ikkje KS som ein konstruktiv dialogpartnar. Tvert om.

Vi opplever KS som ein særs aggressiv arbeidsgjevarpart med lite forståing og respekt både for skulen og opplæringa sine særskilde føresetnader og behov, og for at lærarane treng eit profesjonelt handlingsrom og vern i arbeidet sitt.

KS ser ut til å satse einsidig på gamaldags styring av verksemdene, der alle fullmakter ligg i hendene til leiaren. Det skulen treng, er moderne leiing, der leiaren, på same måten som lærarane i klasserommet, må bruke pedagogiske metodar for å skape entusiasme og kultur for læring og god yrkespraksis. Til det trengst tydelege og inspirerande leiarar som har respekt for og kunnskap om kva rammevilkår som trengst for god profesjonell yrkesutøving.

Ulleren prøver å skape eit inntrykk av at KS arbeider for kvalitet i opplæringa, ved å vise til at ein vil rekruttere gode lærarar og lønne ekstrainnsats og gode resultat. Faktum er at KS i einkvar samanheng har gått inn for å fjerne alle reglar som skal sikre kvaliteten. Det handlar om alt frå sentrale reglar om kompetansekrav for lærarar og førskulelærarar, til reglar om lønn etter kompetanse. Vår erfaring er at kvar gong slike reglar blir fjerna eller utvatna, blir endringa utnytta til å redusere ressursane i skulen og barnehagen. Resultatet er dårlegare kvalitet og større skilnader i kvaliteten på tilboda.

Og korleis kan Ulleren påstå at lokale individbaserte lønnstillegg er gitt på grunnlag av ekstrabelastning og gode resultat, når rapporten frå Nordlandsforskning viser at berre eit mindretal av arbeidsgjevarane lokalt har utarbeidd gode kriterium for å vurdere ekstrabelastning og resultat? Vårt poeng er at det i tillegg er særs vanskelig å lage gode og rettferdige kriterium for vurdering av pedagogisk praksis. Det er og blir ein myte at alle veit kven dei dyktige lærarane er.

Våre tillitsvalde gjer så godt dei kan i fordelinga av lokale lønnstillegg når det er bestemt gjennom sentrale lønnsforhandlingar. Og som det går fram av rapporten, prøver dei å fordele etter objektive kriterium så langt det er råd. Vi kan forsikre Ulleren om at det er desse lokale tillitsvalde som har bestemt kva slags lønnspolitikk Utdanningsforbundet skal føre på sentralt nivå.

I vårt tidlegare innlegg viste vi til dei prinsipielle og teoretiske delane av rapporten frå Nordlandsforskning. Vi finn det vanskeligare å leggje like stor vekt på vurderingane som gjeld skulesektoren spesielt, sidan forskarane berre har intervjua arbeidsgjevarrepresentantar. Det same finn vi i rapporten KS har bestilt frå Fafo og som samanliknar arbeidstilhøve og lønnssystem for lærarar i Norden. Heller ikkje i den rapporten har forskaren intervjua representantar for lærarane i Noreg. Er det slik KS skaffar seg kunnskap om kva lærarane meiner?

Skrevet av: Per Aahlin

Powered by Labrador CMS