Debatt

Ser vi slutten på tertial­rapporteringa frå kommunedirektøren?

Det kan virke rart å samanlikne Vanylven med New York City. Likevel er dei blant få kommunar i verda som publiserer offentleg tilgjengeleg sanntidsinformasjon om økonomi.

I den krevjande økonomiske situasjonen som kommunane står i no, er tertialrapportering ikkje tidsnært nok for å kunne sette inn tiltak raskt nok.
Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

 

Kommunane brukar i dag tertialrapporten til økonomi- og verksemdsstyring, men tertialrapporten er meir som ei historieforteljing om korleis det gjekk for fleire månadar sidan.

Dette viser at små kommunar ikkje treng vente på at store kommunar går føre.

I den krevjande økonomiske situasjonen som norske kommunar står i no, er ikkje dette tidsnært nok for å kunne sette inn tiltak raskt nok.

Dersom rapporteringa skal kunne brukast til å endre kurs, må kommunane finne nye måtar å gjere det på.

Det kan vere vanskeleg å finne inspirasjon til nye måtar å rapportere på hos andre kommunar. Dette fordi det ser ut som alle kommunane går i same retning. Den einaste norske verksemda som har gitt meg inspirasjon til å tenke nytt på rapportering, er oljefondet.

Det er kanskje litt spesielt for ein kommunedirektør å bruke tid inne på denne nettsida, men det har uansett gitt inspirasjon til tenesteutvikling i eigen kommune.

På nettsida til oljefondet kan ein følgje verdiutviklinga av fondet i sanntid – i ein hastigheit som minner om meirforbruket i eiga kommune.

Tanken må vere at vi bør gi politikarane tilgang til sanntidsdata om økonomien. Då kan både politikarane og administrasjonen raskt få nødvendig innsikt ved avvik og tidleg sette inn nødvendige tiltak.

Er dette mogleg i praksis, eller er det berre ein framtidsdraum?

Vanylven kommune fekk i 2024 eit stort meirforbruk, og vi måtte starte omstillingsarbeidet i mars 2025.

Denne omstillinga fører til ny organisering med færre administrative stillingar – samtidig som politikarane krev betre styring og rapportering.

Dette dilemmaet fekk oss til å sjå mot oljefondets sanntidsdata og moglegheita til å bruke data frå eigne fagsystem på ein ny måte.

Desse tankane har ført til at Vanylven kommune frå juni 2025 publiserer sanntidsdata om årsprognose, meirforbruk, årsverk, sjukefråvær, saksbehandling, avvik, vaktmeistersaker, utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, konsulentutgifter, overtidsbruk, bruk av vikarbyrå og kostnadene ved IKT-drifta.

Vanylven har no sanntidsdata frå sju ulike fagsystem. Vi vil framover utvide med fleire data frå våre fagsystem, men likevel slik at all styringsinformasjon er samla på éi styringsside.

For Vanylven kommune blei sanntidsrapportering mogleg då vi i 2024 flytta alle fagsystema våre til skybaserte løysingar.

Skybaserte fagsystem gir enklare tilgang til meir automatisert kommunikasjon gjennom API, som er eit standardisert grensesnitt for å dele data i sanntid.

Det er ikkje spesielt kostnadskrevjande å få visualisert data ved bruk av API, og lisensen Vanylven kommune nyttar, har ein kostnad på under 3.000 kroner i året.

Sjølv om lisensen for visualisering av data er rimeleg, må kommunane sjølvsagt bruke ressursar på å byggje opp ei god visualisering av sanntidsdata. Her bør dei regionale IKT-samarbeida med sin kompetanse bidra til å utvikle og gjere sanntidsdata tilgjengeleg for deltakarkommunane.

Eit enkelt startpunkt for dei regionale IKT-samarbeida vil vere å offentleggjere sanntidsdata på supportsaker fordelte på deltakarkommunane.

Det kan virke rart å samanlikne Vanylven kommune med New York City. Vanylven har rundt 3.000 innbyggjarar, mens New York City har 8,4 millionar. Likevel er desse blant dei få kommunane i verda som publiserer offentleg tilgjengeleg sanntidsinformasjon om økonomi.

Dette viser at små kommunar ikkje treng vente på at store kommunar går føre, og at også store kommunar kan handtere komplekse datasett på ein sikker og effektiv måte.

Til orientering så har New York City rapportert sanntidsdata på økonomi sidan 2010 og bør vere ei inspirasjonskjelde til offentleggjering av økonomiske sanntidsdata, både for kommunane og andre offentlege instansar.

Sanntidsdata gir politikarane til ein kvar tid oversikt og innsikt i økonomien og tenesteproduksjonen til kommunen, slik at dei kan ta betre avgjerder og raskare stille krav til administrasjonen.

For kommunedirektøren sikrar dette automatisk og effektiv kontroll over viktige nøkkeltal, noko som er heilt nødvendig når administrative ressursar blir redusert. Dette for å kunne sette inn kompenserande tiltak og dessutan for å rapportere vidare til politikarane.

Dessutan kan open sanntidsrapportering styrke tilliten hos innbyggjarane – noko vi vil måle effekten av ved neste innbyggjarundersøking våren 2026.

Vanylven kommune kan ikkje sjå at tertialrapporten slik vi kjenner den i dag, er framtida i høve rapportering og kontroll for norske kommunar.

Vi håper derfor at oljefondet, Vanylven kommune og New York City kan inspirere fleire kommunar og politiske leiarar i Noreg til å ta steget mot openheit og offentleggjering av sentrale styringsdata i sanntid.

Powered by Labrador CMS