Debatt

Rettsleg ansvar og politisk ansvar heng saman

Å sikre at vurderinga av barnets beste er grundig, konkret og etterprøvbar er ikkje å innskrenke det kommunale handlingsrommet eller sjølvstyret.

Å vurdere barnets beste er ikkje berre eit saksbehandlingskrav, men eit materielt rettsprinsipp forankra i Grunnlova og barnekonvensjonen, skriv Pravin Selva og Kristian Fuglseth.
Publisert Sist oppdatert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

Skulestruktursaker aktualiserer utfordrande spørsmål i skjeringspunktet mellom lokalpolitisk handlingsrom og rettsstatlege krav.

Eit sentralt rettsleg spørsmål er korleis vurderinga av barnets beste skal gjennomførast og dokumenterast.

Når KS gir råd til kommunar i slike prosessar, bør det gå klart fram kva som faktisk krevst.

I denne samanhengen viser KS  Advokatene til at høgsterettspraksis har normdannande verknad, òg at det ikkje er naudsynt at dommane direkte omhandlar skulestruktur for at dei skal ha overføringsverdi.

Her ser vi korleis vårt innlegg kan ha blitt misoppfatta.

Vi hevdar ikkje at slike dommar ikkje kan ha noko overføringsverdi.

Vi meiner tvert imot at det er viktig å sjå til korleis Høgsterett tolkar grunnleggande prinsipp også i saker utanfor det konkrete rettsområdet. Det er ein del av metodelæra.

Men metodelæra krev meir enn berre å vise til dommane. Det krev at ein vurderer overføringsverdien i lys av sakas art, kontekst og føremål.

Når KS viser til utlendingssaker som Rt. 2015 s. 1388, peikar dei på at desse sakene har svært alvorlege konsekvensar for enkelte barn.

Det er rett. Men det følgjer ikkje av dette at kommunar i skulestruktursaker står fritt til å gjennomføre summariske vurderingar. 

Også slike vedtak kan ha store og irreversible verknader for grupper av barn, for oppvekstmiljø og for heile lokalsamfunn. Dei er ofte forankra i økonomiske og strukturelle omsyn som ikkje nødvendigvis tek høgde for barn sine interesser.

Å vurdere barnets beste er ikkje berre eit saksbehandlingskrav, men eit materielt rettsprinsipp forankra i GRL. § 104 og barnekonvensjonen art. 3 nr. 1.

Sivilombodet har blant anna i SOMB‑2024/5590, ei skulestruktursak, vist til at ei slik vurdering må vere reell, konkret og etterprøvbar.

At prinsippet overlappar med annan lovgiving svekker ikkje det sjølvstendige kravet om at barnets beste må vurderast og grunngivast som ein del av skjønet.

Det er ikkje nok å vise til tenestestandard. Vurderinga må også vise kva som faktisk er det beste for barna i den konkrete saka.

Når KS gir råd til kommunar i slike prosessar, bør det gå klart fram kva som faktisk krevst: Kva moment skal vurderast? Kor konkret må vurderinga vere? Korleis skal barnets beste vegast mot andre omsyn, og korleis skal dette dokumenterast?

Statsforvaltaren si ugyldigvurdering av Bodø kommune sitt strukturvedtak i 2024 viser kor lett det er å trå feil når rettleiinga ikkje klargjer desse rammene.

Å vise til at det finst handlingsrom er ikkje nok; det må presiserast kva rettslege rammer som gjeld innanfor dette rommet. Når praktiseringa er krevjande, må rettleiinga vere tydeleg og konkret for å hindre feilpraktisering.

Derfor er vår kritikk ikkje retta mot bruk av høgsterettspraksis som såleis, men mot måten praksisen blir operasjonalisert på.

Når KS gir inntrykk av at det juridiske kravet til vurdering av barnets beste først blir strengt når det gjeld enkeltbarn i ekstreme situasjonar, risikerer dei å underkommunisere rettsvernet barn har også i kollektive og strukturelle avgjerder.

Rettsleg ansvar og politisk ansvar heng saman. Skal det lokale sjølvstyret stå seg over tid, må vedtak vere forankra i både demokratiske prosessar og rettsstatlege prinsipp.

Å sikre at vurderinga av barnets beste er grundig, konkret og etterprøvbar – også i strukturvedtak – er ikkje å innskrenke det kommunale handlingsrommet eller sjølvstyret. Det er å etterleve rettsstaten i praksis.

Powered by Labrador CMS