DEBATT

KS veit best – men for kven?

Barnets beste skal vere eit styrande omsyn, og ikkje ei symbolsk formulering i eit vedtak som verkar å vere allereie bestemt.

Det er ikkje barnas beste, men kommunal nytale og kuttkamuflasjar som kjem i vegen for gode vedtak, meiner skribentane.
Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

I opplæringsmateriale om økonomistyring for kommunestyrerepresentantar viser KS til ei nettsak frå KS Advokatene, der det blir hevda at kommunar har stort handlingsrom i strukturelle saker – som skulenedleggingar – så lenge barnets beste er vurdert og dokumentert i saksframstillinga.

Det blir vist til Høgsteretts NOAS-dom frå 2015, der retten godtok at barnets beste kunne reknast som vurdert, sjølv om det ikkje var uttrykkeleg nemnt i vedtaket.

KS-advokatane reduserer i praksis barnets beste til eit prosessuelt krav.

Men denne dommen gjaldt utvising i ein utlendingsrettsleg kontekst, ikkje strukturendringar i barnehagar og skular.

Å bruke den som norm for kommunal planlegging og budsjettdrivne tenesteomleggingar er ei rettsleg overføring med svakt fundament, og representerer snarare ei politisk tolking enn ei juridisk forplikting.

KS-advokatane reduserer i praksis barnets beste til eit prosessuelt krav der det held å vise at det er vurdert, ikkje nødvendigvis at det er gitt vekt eller fått reell innverknad.

Ei slik tilnærming opnar for vedtak som ser korrekte ut på papiret, men som i realiteten ikkje tek omsyn til korleis avgjerda rammar innbyggarane.

Dei viser òg til Sivilombodet si sak SOMB 2024/5590, men utan å ta inn over seg innhaldet i saka.

I Digermulen-saka hadde kommunen ikkje gjort ei reell vurdering av barnets beste. Sentrale moment, som avstand eller reiseveg, blei ikkje vurdert opp mot barnets tryggleik, tilhøyrsel og utvikling.

Når slike forhold blir oversett til fordel for personalressursar og økonomi, er det ikkje i tråd med Grunnlova § 104 og barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1.

Sivilombodet understrekar også i avsnitt 33 at barnets beste ikkje berre skal nemnast, men vurderast og vektleggast som eit grunnleggande omsyn.

Grunnlova og barnekonvensjonen gir barn eit sjølvstendig rettsvern og pålegg forvaltninga å vurdere barnets beste som eit grunnleggande omsyn. Det krev ei vurdering som er reell og konkret, basert på barnet sin faktiske situasjon og ikkje på kommunen sine økonomiske rammer eller driftsbehov.

Det handlar om kva avgjerda faktisk betyr for kvardagen, relasjonane og utviklinga til barnet, ikkje om kva som er mest praktisk for kommunen å gjennomføre.

Å la strukturelle omsyn overstyre dette rettslege kravet, flyttar vekta frå barnets rettar til forvaltningas komfort. Barnets beste skal vere eit styrande omsyn, og ikkje ei symbolsk formulering i eit vedtak som verkar å vere allereie bestemt.

Skulenedleggingar blir ofte presenterte som tiltak for både innsparing og kvalitetsheving. Likevel har ein i liten grad greidd å dokumentere at slike grep fører til økonomiske armslag som betrar undervisning eller styrker læringsmiljøet. Kanskje på papiret – men kvar er dei kvantifiserbare og reelle bevisa for auka kvalitet, anna enn i ei økonomioversikt?

Pengane følgjer borna, og dei blir ikkje rimelegare av å samlast i sentraliserte einingar.

Å sette til sides barnas beste for ein såkalla «samla kvalitet» eller «heilheitleg økonomisk vurdering» er ikkje ei heilskapleg drøfting, slik Sivilombodet peikar på. Det er eit økonomisk kutt.

Når KS-advokatane i tillegg skriv at «et vedtak er ikke ulovlig eller ugyldig bare fordi barnets beste-vurderingen ikke er synliggjort», gir det inntrykk av at ei implisitt og overflatisk vurdering er godt nok.

Men skal barnets beste vere med i det heile som eit grunnleggande omsyn, må det vurderast med innhald og tyngde, ikkje berre nemnast i margen.

Dette blir berre fine ord utan reelt innhald. Ei berekraftig kommune må byggje på og drøfte faglege og barnesentrerte vurderingar – ikkje på minimale, utvalde prosedyrar og juridiske tolkingar som pressar innbyggarane sine rettar til side.

Det er ikkje barnas beste som kjem i vegen for gode vedtak. Det er kommunal nytale og kuttkamuflasjar som kjem i vegen for barnas rettar.

Powered by Labrador CMS