Debatt
Norden i ei globalisert verd
Globaliseringa er kommen for å bli. Det er vanskelig - og heller ikkje ønskjelig - å reversere det internasjonale samkvemet. Heller burde vi sjå på globaliseringa som eit høve til å styrke det nordiske samarbeidet.
Gjennom hundreåra har dei nordiske landa utvikla samfunn som i mangt og mykje liknar på kvarandre og som på mange område skil seg ut frå dei andre landa i Europa og verda elles. Uttrykk som «den nordiske modellen», «den nordiske velferdsmodellen», «dei nordiske velferdsstatane» o.l. tyder på det.
Norden har i kraft av samfunnsstruktur, kulturell utvikling, verdi- og språkfellesskap vore modell også for andre samfunn. No for tida hører vi likevel meir om globalisering og internasjonalisering enn om nordisk samarbeid. Derfor bør vi heilt medvete vise større politisk omsut for framtida for det nordiske fellesskapet og det nordiske samarbeidet enn det har vore gjort i dei seinare åra.
Det er rimelig å spørje om internasjonaliseringa og globaliseringa trugar det nordiske samarbeidet? Vil geografisk fjerne kontaktar kunne bli viktigare enn nære? Og kva har det å seie at somme av dei nordiske landa er medlemmer av EU, mens andre ikkje er det, og somme er medlemmer av NATO, andre ikkje? Vil det over tid vere med på å svekke det nordiske fellesskapet?
Globaliseringa er kommen for å bli. Det er vanskelig - og heller ikkje ønskjelig - å reversere det internasjonale samkvemet. Heller burde vi sjå på globaliseringa som eit høve til å styrke det nordiske samarbeidet.
Ein prøvestein på verdi«Nordisk nytte» er eit omgrep som er blitt tatt i bruk som ein slags prøvestein på verdien av det nordiske samarbeidet. Dersom eit enkelttiltak har «nordisk nytte», blir det sett på som verdt å satse på. Det nordiske samarbeidet kunne òg vurderast ut frå eit mål om internasjonal eller global nytte. Trulig ville svært mykje av det som alt er i gang, bestå også den prøva.
Det må vere lov å hevde - utan å risikere å bli skulda for sjåvinisme - at Norden har mykje å lære det internasjonale samfunnet. Globaliseringa handlar om mykje meir enn økonomi. Både miljøspørsmål og menneskerettsspørsmål burde hatt større global merksemd, og det kan dei nordiske landa i fellesskap syte for at dei får.
Det er utvikla ei rad fellesnordiske politiske organ. Dersom vi våga å vere sjølvmedvetne og sjølvtrygge nok i Norden, kunne vi godt sjå på Norden som ein spydspiss i den globale utviklinga og i større grad enn til no, bruke dei nordiske organa til det. Dersom politikarane i dei nordiske landa ville det, kunne dei arbeide enda tettare saman i internasjonale organisasjonar og dermed stå fram som sterkare og med det få større innverknad. Da er det ein fordel at det finst ulike internasjonale fora der dei ulike nordiske landa har innverknad. Danmark, Sverige og Finland kan framme nordiske saker saman i EU, Danmark, Island og Norge i NATO.
Det er viktig at nokon ser det som si oppgåve å flytte fokus frå verdiskaping i trong økonomisk og teknologisk forstand til verdiskaping i sosialpolitisk, miljømessig, kulturell og menneskerettslig forstand. Om den «mjuke» nordiske velferdsmodellen fekk større innverknad internasjonalt, og i praksis blei tatt i bruk som modell for andre samfunn, ville det vore eit bidrag til globaliseringa som på lengre sikt trulig ville bety mykje meir enn all verdas fridom for kapital- og vareflytting.
Som eit apropos til det siste, bør det òg nemnast at ein stabil global handel krev eit sterkare internasjonalt regelverk. Også det kan dei nordiske landa vere med på å utvikle i ønskt retning. Det finst regelverk som bidrar til å verne miljøet, også det marine miljøet. Det som manglar, er felles internasjonale system som sanksjonerer dei som bryt desse regelverka. Slikt kan Norden bidra til å presse fram.
Eit anna steg i riktig retning kunne vere eit felles nordisk forslag og initiativ til ein internasjonal menneskerettsdomsstol.
Norden er ein del av ei globalisert verd. Vi er vidopne for internasjonal påverknad, på godt og vondt. Men vi kan også sjølve bidra sterkare til globaliseringa. Det kan vi gjøre på ein positiv måte, slik at globaliseringa får ei retning som både vi og andre er tente med. For at det skal kunne skje, må politisk vilje mobiliserast og nordisk samarbeid styrkast.