Utfordringa med å sikre liv og infrastruktur må takast i ei heilt anna takt enn det som er tilfelle i dag, skriv Ola Helstad. På bildet kommunesenteret Bismo i Skjåk etter flommen høsten 2018.


Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix
Debatt

Korleis blir verda etterpå?

I kampen om ressursane, tillèt eg meg å koma med forslag på tiltak som våre folkevalde bør prioritere. Det handlar om sikring mot ras og flaum.

Korleis verda blir etterpå, er spørsmålet stiller alle seg etter at koronakrisa har prega verda i nokre veker nå. Det er høgsesong for spådommar om langtidsverknadane av koronapandemien. Usikkerheit og utryggleik er stor for alle.

Utfordringa med å sikre liv og infrastruktur må takast i ei heilt anna takt enn det som er tilfelle i dag.

Det er stor semje og handlekraft blant våre fremste folkevalde i regjering og Storting, og krisepakker kjem på løpande band. Felles mål med desse er å dempe negative konsekvensar både på kort og lang sikt. Djupe innhogg i nasjonalformuen er allment akseptert, og handlingsregelen vart historie over natta.

I kampen om ressursane, tillèt eg meg å koma med forslag på tiltak som våre folkevalde bør prioritere. Det handlar om tiltak som sikrar liv og samfunnsverdiar, og som over tid garanterer avkastning utover mange av dei tiltaka som hittil er etablert.

Det handlar om sikring mot ras og flaum. Dessverre kan det ligge an til at kommande veker faktisk vil underbygge dette, jf. stor fare for flaum. I seinare år har Innlandet fått kjenne naturkreftene. Villare og våtare klima har påført samfunnet store kostnader som følgje av flaum og ras. Prognosar og klimapåslag fram til 2100 sannsynleggjer gjennomsnittleg temperaturauke med over 4 grader i snitt pr. år, enda meir ekstremvêr og auka nedbørsmengder.

Utfordringa med å sikre liv og infrastruktur må takast i ei heilt anna takt enn det som er tilfelle i dag. Storflaumane i 2011 og 2013 kosta kvar over 1 milliard kroner. Det er dokumentert at det kostar åtte–ti gonger meir å reparere naturskadar enn det kostar å gjennomføre sikringstiltak. Dessverre viser statsbudsjettet marginale midlar til sikringstiltak.

Fleire kommunar i Innlandet har over fleire år planlagt førebyggjande tiltak. Fleire av desse har vorte avvist som følgje av manglande løyvingar i statsbudsjettet.

Føresetnaden for gjennomføring av sikringstiltak er at det i tillegg til statleg finansiering blir lagt lokal eigendel(distriktsdel) på bordet svarande til inntil 20 prosent av totalkostnaden. I praksis betyr dette kommunal finansiering. Når ein veit at kartlagde sikringstiltak er i milliardklassen i Innlandet, ser ein fort at kommunal finansieringsdel er umogleg å få til.

Flaumen i Nord-Gudbrandsdalen i oktober 2018 var dramatisk og uventa. Skjåk kommune var hardast råka, med store materielle skader i kommunen.

Kostnadane med gjenoppretting og sikring har så langt kosta over 200 millionar kroner. Men nødvendige sikringstiltak er likevel ikkje ferdigstilte. M.a. gjeld dette Bismo – sentrum i kommunen. Langdryge planprosessar og manglande løyvingar er årsaka til dette.

Skjåk kommune tek nå ansvar sjølve for å etablere provisoriske sikringstiltak mot den venta vårflaumen. Slik bør det ikkje vera.

Ei satsing på utbygging av sikringstiltak vil gi næringslivet kjærkomne oppdrag og sikre sysselsettinga i bransjar som elles er prega av permitteringar, og kanskje balanserer på konkursens rand.

Nasjonale myndigheiter bør derfor auke løyvingane til sikring mot flaum og ras. Det kan gjerast alt i revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai. Distriktsdelen må avviklast i ei overgangsfase. Vi kan ikkje la vera å hauste denne samfunnsøkonomiske gevinsten. I kvart fall ikkje i den tida vi er i – og den tida som kjem.

Avslutningsvis blir John Maynard Keynes sitert: When the facts change, I change my mind. What do you do, sir?

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.