Debatt
Fallitt for regionreformen?
Om ikkje «såra» så er det i alle fall grunn til å vera «vonbråten», slik min ruvande partifelle Kjell Bondevik uttrykte seg i ein situasjon først på syttitalet.
Nå vonbråten fordi visjonen mange av oss hadde om regionreform og brot med oslodominansen, ser ut til å bli med visjonen.
Løpet er ennå ikkje køyrt, men signala er nedslåande. Dette frå ein tafatt og ambisjonslaus minister, så vel som frå nærsynte fylkes- og kommunepolitikarar. Ikkje minst frå Rogaland.
Eg finn dei òg i eige parti. Ministeren vågar ikkje ta grep, og i Rogaland vert det snakka om at eit «Stor-Rogaland» er stort nok. Dette medan Oslo og det sentrale austland samlar krefter.
Kvar vart det av visjonen om vestlandsregionen? Som region ville me dominert på dei fleste område. Olje, mekanisk industri, prosessindustri, skipsfart, kraftproduksjon, reiseliv, fiske, ja til og med med stor tyngde på landbruk. Og med 25 prosent av befolkninga!
Me ville hatt makt til å kutta i 100 milliardars overføringane til Oslo-regionen. Makt til å knyta Vestlandet saman med høgstandardvegar og jernbane og til å etablera ei ny svær eksporthamn i Risavika. Gjort Oslo «overflødig»!
Kva står i vegen? Først og fremst redsla i Stavanger for at tingstova vert liggjande i Bergen.
Forenkla og sett på mange spissar? Ja. Men rivalisering ser ut til å få øydeleggja for visjonen, som ville løfta og gitt tyngde til Stavanger og Bergen, så vel som Haugesund og Ålesund. Statoil/Hydro hovudkvarter i Stavanger ville vore udiskutabelt!
Det er ennå tid, men då må blikket løftast nå!