Som motyting for at ministeren kom, fekk ho overlevert dei ti bod om korleis tvinga enno fleire kommunar saman, skriv Hans Inge Myrvold, om da Hugo Thode Hansen i Norsk Rådmannsforum overleverte Monica Mæland sine ti råd. Foto: Jan Inge Krossli
Som motyting for at ministeren kom, fekk ho overlevert dei ti bod om korleis tvinga enno fleire kommunar saman, skriv Hans Inge Myrvold, om da Hugo Thode Hansen i Norsk Rådmannsforum overleverte Monica Mæland sine ti råd. Foto: Jan Inge Krossli
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

«Då rådmannen ville erobre heile kongeriket»

Det var ein gong 160 rådmenn og kommunedirektørar som var samla i Oslo. På eit møteforum på Grand Hotell var dei alle samde om: Me treng større makt og betre rammevilkår.

For framtida bør rådmenn og kommune-direktørar levera tenester etter det som kommunestyret vedtek.

I motyting kunne dei både gi rådgjeving til statsråden og vere behjelpelege med å overtyda kommunestyra om å slå seg saman med andre.

Slik startar forteljinga «Då rådmannen ville erobre heile kongeriket».

Frå spøk til alvor, så heldt Norsk Rådmannsforum sin årlege toppleiarkonferanse i Oslo i midten av januar. Til dette møtet var kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland invitert.

• Les også:
Kommunedirektørene anbefaler tvang (kommentar)
Sterkere styring – ikke mer tvang (debatt)

Som motyting for at ministeren kom, fekk ho overlevert dei ti bod om korleis tvinga enno fleire kommunar saman. Attpåtil kunne rådmenna og kommunedirektørane stille som personlege rådgjevarar i prosessen.

Fyrst av alt bryt rådmenna og kommunedirektørane samfunnskontrakten og mynde dei har fått av kommunestyra dei er tilsett av. Det er nemleg kommunestyra med sin respektive ordførar som skal utøve den politiske verksemda av kommunen. Det som skjedde i Oslo denne natta er forunderleg.

Ingen kommunar er like. Det er få som løyser oppgåvene på same måte.

Rådmannsforumet i Oslo la til grunn at alle kommunar skal kunne spegle seg i kvarandre. Altså forsterke generalistprinsippet. Alle må løyse alle dei mangfaldige oppgåvene, på same måte.

Dette er så langt frå verkelegheita som det er råd å komme. Ulike delar av landet har ulike måtar å tenke på, samhandle med lokalsamfunnet på – og ikkje minst sørga for at alle innbyggjarane får det dei har krav på av tenester. Ei tvangssamanslåing vil på ingen måte handtere dette på ein betre måte enn det kommunane gjer i dag.

Det som er viktig for kommunane, er å auke og tydeleggjera ansvaret. Kommunane må halda fast på sjølvråderetten. Finna dei gode løysingane lokalt, mellom menneska som bur, lever -og arbeider der. Dette sikrar dei beste løysingane i Kommune-Noreg.

For framtida bør rådmenn og kommunedirektørar i heile landet levera tenester etter det som kommunestyret vedtek, og i den retning det lokalpolitiske miljøet ønsker å utvikla sitt lokalmiljø.

Ein kommune er ikkje eit reiskap for staten, men eit verktøy for innbyggjarane i eit avgrensa geografisk område, til det beste for næringsliv og dei som bur der. Robustheita til kommunen blir ikkje måla i størrelse eller talet på innbyggjarar, men kor godt ein løyser oppgåvene lokalt.