Korleis hadde vi hatt det om vi ikkje hadde hatt eit meiningsfylt liv? Om vi ikkje fekk delta i samfunnet som vi ønsker? For nokre grupper er ikkje dette like ukomplisert, skriv Siv Katrin Ulla og Leif Elde.

Korleis hadde vi hatt det om vi ikkje hadde hatt eit meiningsfylt liv? Om vi ikkje fekk delta i samfunnet som vi ønsker? For nokre grupper er ikkje dette like ukomplisert, skriv Siv Katrin Ulla og Leif Elde.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Brukarmedverknaden må vere reell

Alle skal ha moglegheita til eit meiningsfylt liv. Det må vere målet vi skal strekke oss etter.

Dei fleste av oss fyk gjennom livet i ei forrykande fart: Utdanning, fritidsaktivitetar, arbeid, etter kvart barn, sosialt lag med vener og familie, reise litt, realisere seg sjølv. Kjenner du deg att?

Kjenner du dei som sit i råda i di kommune?

Vi har i Noreg i 2021 mange moglegheiter for å fylle arbeidsliv og fritid slik vi vil det. Å realisere seg sjølv har blitt viktigare enn nokon gong, og vi har stadig auka krav til oss sjølve for korleis livet skal vere.

Å ha eit meiningsfylt liv blir ofte dradd fram i samfunnsdebatten, og om vi dveler litt ved dette, kjenner vi kor viktig dette er. Korleis hadde vi hatt det om vi ikkje hadde hatt eit meiningsfylt liv? Om vi ikkje fekk delta i samfunnet som vi ønsker? For nokre grupper er ikkje dette like ukomplisert.

Dette innlegget er meint som ei lita påminning om desse gruppene, til alle dei som arbeider i kommuneadministrasjonane og til folkevalde rundt om. Korleis er det å bu i din kommune med ei funksjonsnedsetting?

Ord som medverknad blir brukt i mang ei saksutgreiing og i planar, men er vi gode nok på det? Er denne medverknaden som vi skal utføre, reell?

Mange skal høyrast, og i kommunal og fylkeskommunal drift har ein ulike råd som ein kan nytte for å sikre god medverknad; ungdomsråd, eldreråd og råd for personar med nedsett funksjonsevne. Alle kommunar skal ha desse råda, dette vart nedfelt i kommunelova i 2019.

Dei som sit i desse råda, er å rekne som folkevalde, og i kapittel 8 i kommunelova er det grundig definert kva som er deira rettar og plikter.

Så kvifor trengst det ein påminning rundt dette med medverknad og råda våre? Er det ikkje slik at vi som faktisk er i 2021, er viktigheita av dette bevisste nok?

Vi vil hevde at nei, vi er ikkje det. Både i kommunane og fylkeskommunen er det i dag slik at mange saker som skulle vore behandla i råda våre, ikkje blir sendt dit, eller ikkje kjem dit i tide.

Ein kan argumentere med skort med tid, eller at ein ikkje har kapasitet, men vi vil då minne om at dette no er nedfelt i kommunelova. Ein skal ha medverknad i dag, og dei som avgjerslene våre faktisk omhandlar, skal få uttale seg.

Det er viktig å understreke at dette gjeld sjølvsagt og menneska med nedsett funksjonsevne, pårørande og alle organisasjonane som kommunane samhandlar med. Let vi dei sleppe til? Råda er nemleg deira talerøyr.

Ser du som kommunestyremedlem at ei innlysande sak ikkje har vore innom rådet det naturleg fell under, spør kvifor. Eller når ein plan skal utarbeidast, er rådet med frå begynninga? Kjenner du dei som sit i råda i di kommune?

Gjer deg kjent med råda, og folka, og la dei bli ein del av den kommunale kvardagen på rett. Dei som sit der har kompetanse, bruk den!