Debatt

Blant selskapsterapeutar og sjarlatanar

Tenk om du og partnaren din gjekk til familieterapeut. Tenk om han eller ho spente dykk fast i ein sele og prøvde å tvinge båe til å jumpe ut av vinduauget, frå 10. etasje!

De ville sjølsagt stritte imot og si at dette var galskap. Mens familieterapeuten ville peike på dykk og dei andre i gruppa som var samla foran vindauget og si med fast stemme:

- Dette vil vere bra for dykk, stol på meg! Eg veit kva eg gjer! De vil bli så mykje betre kjende med dykk sjølve! På veg ned vil de overvinne all angst! De vil lande som vinnarar, halleluja!

Familieterapeuten hadde sjølsagt blitt sendt til doktor, som truleg hadde ekspedert pasienten raskt vidare til psykiater eller psykolog.

Og du kan vere ganske så sikker på at vedkomande terapeut hadde blitt grundig sjekka, før han eller ho fekk byrje å gje nye råd til folk med samlivsproblem på eit kontor, heilt eller delvis finansiert av det offentlege.

Men mest truleg ville han eller ho skifte jobb. Fått seg finare klær, meir moderne hårsveis, og langt høgare løn, ved å bli selskapsterapeut. Eller «bedriftsrådgiver», som det gjerne står på visittkorta.

For sanneleg kan vi si mykje gale om offentleg verksemd, og dei som arbeider der. Men heil- eller kvartsjarlatanar får liksom ikkje gode nok armslag innanfor regulativet. Dei må ha romslegare plass. Derfor agerar dei fyrst og fremst i det private næringslivet.

Dei trivst mellom anna i den mangslungne rådgjevarbransjen. Eg kom i kontakt med nokre slike her om dagen, i Lillehammer. I den tidlegare OL-byen kan ein selje dyrt så mange slags råd, framleis.

Og dei eg trefte på, hadde prestert å selje følgjande råd til toppleiinga i ein restaurantkjede her i landet: De vil få betre leiarar på restaurantane, om desse hoppar utfor den nesthøgaste bygningen i dølabyen. For øvrig frå ein bar som er driven av same kjeda.

Dei var 24 sjefar på sjefkurs. 21 hoppa, lokka og truga av selskapsterapeutar, som heilt sikkert tok seg dugeleg betalt for dette og andre råd.

Kor mange hadde hoppa, av ei gruppe på 24, om dei hadde vore på samlivskurs med partnarane sine, og familieterapeuten hadde bede dei hive seg utfor? Om han hadde fått lov å hersje med dei lenge nok. Ein, to, tre?

Han som skulle syne at han var så tøff - eg er viss på at det var ein han - at ingenting skremde han. Kanskje ein litt suicidal. Og ein tredje med blind tru på autoritetar.

På restaurantbransje sitt sjef-treff i Lillehammer var det altså berre tre, som ikkje hoppa og gjorde som selskapsterapeuten krevde. Gruppepress?

Grunnen er ikkje berre det. At 21 av 24 lot seg overtale til å kaste seg utfor den nesthøgaste bygningen i OL-byen, må og skuldast noko meir enn berre redsle for å skille seg ut, frykt for å bli stempla som tapar eller høgdeskrekk.

Må det ikkje også vere ei plusskraft som lokka dei, ikkje berre ei minuskraft som truga dei til å hoppe? Utsiktene til ein gevinst? Måtte dei ikkje tru på bodskapen til selskapsterapeuten? At dei ville vere omskapt til betre sjefar, når dei fekk føtene under seg.

Men hadde han som fann ut at dei skulle gjere dette, eg er viss på at også det var ein mann, rett i at dei vart betre sjefar etterpå? Finst det prov som syner at slik er det, eller; om ikkje anna indikasjonar på det kan vere slik?

Eit slikt forskningsmateriale skulle eg gjerne sjå. På same måte som eg skulle ha prov på at ein blir betre sjef eller medarbeidar av å drive i skogen saman med dei godt betalte selskapsterapeutane og skyte på kvarandre med blekkpatron-pistolar.

Tenk om ein gjennom eit forskningsprosjekt kunne ha fylgt litt tett dei 24 i restaurantbransja som var på sjefkurs på Lillehammer. Sjå korleis det gjekk med kvar og ein av dei i arbeidslivet.

Ha funne ut korleis han, for eg er sikker på at det også det var ein han, som fyrst rekte opp handa og sa ja til å hoppe, klarer sjefjobben sin. Kva har han fokus på som leiar, både hos seg sjøl og medarbeidarane?

Og tenk så interessant det ville ha vore å granska dei tre som ikkje ville hoppe.

Han som sa han hadde høgdeskrekk. Ho som sa at dette er noko helvetes tull, som ikkje tener noko som helst, utanom å gje rådgjevaren ein enda feitare konto. Og ho som beit av selskapsterapeuten sine tirader om kor gildt dette var, at ho heller ville bruke tida til å studere dei andre i gruppa.

Er dei framleis sjefar også desse tre, og i såfall kva slags sjefar? Kanskje har dei, utan å konsultere selskapsterapeutar, gjort eit eller fleire minst like så dristige hopp som kollegene deira, som heiv seg utfor den nesthøgaste bygningen i Lillehammer?

Finst det ikkje ein institusjon som kunne forske litt på korleis charlatanane herjer med oss, for feit betaling, gir oss råd som det i verste fall tek eit heilt liv å reparere skadeverknadane av.

Skrevet av: Ingar Sletten Kolloen

Powered by Labrador CMS