Debatt
Kan distriktspolitikk kome på dagsordenen igjen?
Er det von om at vi på nytt kan få ein framtidsretta distriktspolitikk? Korleis skulle den då sjå ut?

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Etter at både Høgre og Sp vart store taparar i valet, sender nå krefter i Høgre ein prøveballong til Sp og inviterer til samarbeid om distriktspolitikken.
Siktemålet er å få Sp over midtstreken, først gjennom enkeltsaker denne stortingsperioden – så for å skifte over til borgarleg side om fire år.
Vil Ap på nytt prioritere distriktspolitikken, om ikkje anna for å blokkere ein Sp-overgang til blå side?
Dette skjer etter eit val der distriktspolitikk knapt nok har vore nemnt med eit ord, noko politisk redaktør Agnar Kaarbø er inne på i ein kommentar om kva som skjer med distriktspolitikken med ein ny politisk situasjon på Stortinget.
Heller ikkje Sp snakka mykje om klassisk distriktspolitikk. Partiet har skifta ut det særnorske og gode distriktspolitikk-ordet med politikk for «heile landet som vi er så glad i».
Dette er ei heilomvending frå førre stortingsval, der spesielt raudgrøn side konkurrerte om å tiltrekke seg veljarar med distriktspolitikk som lokkemiddel.
Rett før det valet hadde eg kome med boka «Distriktspolitikkens historie i Norge», og Normann-utvalet (demografiutvalet) hadde levert sin NOU. Eg vart invitert til å halde foredrag for Sp, Ap og SV.
Den sterke opplevinga for meg var at berre dei eldre politikarane hadde peiling på dei grunnleggande kjenneteikna ved den særnorske distriktspolitikken.
Denne politikken er kjenneteikna ved at han snur kapitalstraumen og gjer det lønnsamt å investere i arbeidsplassar i distrikta.
Distriktspolitikken har vore under avvikling sidan tidleg 1990-tal.
Det var Arbeiderpartiet som meir enn nokon annan konstruerte den vellykka og særnorske distriktspolitikken, men det var også dei som starta avviklinga.
Med Erna Solberg som ansvarleg statsråd (2001–2005) var nedbygginga nesten fullført. Ho ville ikkje høyre på eit ekspertutval som konkluderte med at nedbygginga var eit feilgrep.
Kjernen i denne politikken – det regionalt differensierte investerings- og oppstartingstilskotet – hadde gitt mest effekt (sysselsetting) per støttekrone.
Det hadde også vore billig. Dette var det viktigaste for å snu kapitalstraumen til investeringar i næringslivet.
Erna la før valet fram ei stortingsmelding der ho omdefinerte distriktsproblemet til ikkje å eksistere, men så tapte ho valet.
Stortingsmeldinga var så provoserande at den nye raudgrøne regjeringa for første gong i distriktspolitikkens historie trekte tilbake meldinga og skreiv si eiga.
Regjeringa følgde opp tilrådinga frå ekspertutvalet og auka det regionalt differensierte investeringstilskotet til same kronebeløp som omkring 1990. Det var likevel ei reell nedbygging.
Så tok Solberg over som statsminister. Etter to periodar var distriktspolitikken på nytt heilt nedbygd. Til forskjell frå førre raudgrøne regjeringa restaurerte ikkje Ap/Sp-regjeringa distriktspolitikken. Det berre så slik ut.
Korleis – og kvifor?
I båe dei raud-grøne regjeringane har vi sett ein gjennomgåande veikskap ved Sp sin distriktspolitikk. Partiet likar best synlege enkelttiltak som lensmannskontor, ferjeprisar, bygdevekstavtaler osb.
Slikt gjev ikkje stabile rammevilkår i «heile landet», ikkje eingong for Distrikts-Norge.
Den andre veikskapen er at partiet når alt kjem til alt er meir oppteken av jordbruksstøtte enn distriktspolitikk. Og jordbruksstøtte er støtte til produksjon. Dimed går nesten ingenting til Nord-Norge, men massevis til Stavanger-, Oslo- og Trondheims-regionane.
Kva så med Ap? Eg spurde ein trugen Ap-veteran om han kunne forklare meg kvifor distriktspolitikken forsvann – utan grunngjeving – frå tidleg 1990-tal.
Hans analyse var at det grunna seg i at Gro, Jens og Jonas mangla distriktsperspektiv. Dei nedprioriterte på autopilot.
Og så til slutt SV. Partiet var kanskje avgjerande for at distriktspolitiske løyvingar vart opp-prioritert i den regjeringa dei var ein del av frå 2005 til 2013. I siste stortingsperioden har ikkje partiet prioritert dette i ei einaste budsjettforhandling. Distriktspolitikk er også fjerna som eige tema i partiprogrammet.
Resultatet ser vi ved dette valet: Partiet er nesten eit reint storbyparti – som MDG og Venstre. Det er oppsiktsvekkande korleis partiet har gjeve avkall på ei stor historie med Ottar Brox, Hanna Kvanmo og Berge Furre som føredøme.
Er det von om at vi på nytt kan få ein framtidsretta distriktspolitikk? Korleis skulle ein slik politikk då sjå ut?
Det utan samanlikning største distriktspolitiske verkemiddelet i dag er den regionalt differensierte arbeidsgjevaravgifta. Verkemiddelet skriv seg frå 1970-talet, trappa opp på 80-talet, ei tid der distrikta hadde høgre arbeidsløyse enn byane. I tillegg var sysselsettingsdelen lågare fordi kvinnene framleis var «i heimen».
I dag er situasjonen snudd på hovudet. Det er sterk mangel på arbeidskraft også i distrikta.
Det er i dag tre store problem som ein ny distriktspolitikk må takle: Manglande investeringar, for få barn til å halde oppe gode tilbod og problemet med såkalla «tandemrekruttering».
Normann-utvalet synleggjorde at låge investeringar både i næringsbygg og bustader kjem av låg andrehandsverdi. Dei som bygger, har ofte tapt ein tredel av investeringa når dei tek bygget i bruk. Jamvel samfunnsøkonomisk lønsame investeringar blir ikkje gjort.
Svaret er ikkje billegare statlege lån, men investeringstilskot opp mot ein tredel av investeringane. Dette verkemiddelet eksisterer, framforhandla med EU, men må ha større løyvingar.
For problemet med små barnekull, nedlegging av skular og uakseptabel lang skuleveg, er løysingane å bruke ny teknologi. Små skuleklasser kan få dei fremste lærarane i landet ved hjelp av moderne teknologi. Det er berre eit organisasjonsspørsmål som går ut på å etablere ein landsfemnande nettverksorganisasjon både på ungdomsskule og vidaregåande skule.
Til slutt problemet med tandem-rekruttering. Ein viktig grunn til at små stader har ekstra store problem med å rekruttere folk, er at det berre er ei ledig stilling om gongen. Ektefelle eller sambuar får ikkje jobb.
Her er også ny teknologi svaret. Alle med kontorarbeidsplassar kan ta med seg jobben over alt – viss arbeidsgjevar og mottakskommunen organiserer dette.
Kan distriktspolitikken på nytt kome på dagsordenen – og inn i budsjetta?
Det er to ulike frampeik. Det eine er at det bur så få folk i dei mest truga utkantkommunane at ei sterk opprusting av distriktspolitikken er billeg.
Det andre – og omvendte – er at fordi det er så lite folk i desse distriktskommunane, er det færre og færre stemmer å tape ved val.
Dette er to krefter som verkar samstundes, men som vil slå ulikt inn i dei ulike partia.
Høgre har lite å tape. Dei har færre stemmer i utkantkommunar, sjølv om dei fekk mange ordførarar ved siste val. Under Kåre Willoch, Erling Norvik og den legendariske kommunalministeren Arne Rettedal fekk partiet for første gong eit visst fotfeste i bygdene, det såkalla Bunads-Høgre.
Etter 25 år med Erna som aktiv motstandar av den særnorske distriktspolitikken, skal ein ny generasjon overta partiet. Dei er oppvaksne med distriktspolitikk som noko rart og dumt Senterpartiet driv med. Vil dei klare å overtyde Sp med ny politikk?
Om frieriet frå Høgre vil lykkast, er jamvel mest avhengig av kva Ap gjer.
Vil dei på nytt prioritere distriktspolitikken, om ikkje anna for å blokkere ein Senterparti-overgang til blå side?
Framlegget til statsbudsjett frå Ap er vidare nedbygging av ein allereie nedbygd distriktspolitikk. Vedum ser det slik at det er Ap som nå frir til Høgre, ikkje Sp. Det er ikkje lett å tolke samtida.