Det vil koste 38 milliardar kroner å sikre fylkesvegane i Vestland slik at dei toler klimaendringane, syner ny analyse.

Det vil koste 38 milliardar kroner å sikre fylkesvegane i Vestland slik at dei toler klimaendringane, syner ny analyse.

Foto: Rune Sævig, NTB

Klimasikre vegar vil koste 38 milliardar

Å sikre fylkesvegane i Vestland mot framtidig flaum og stormflo vil koste 38 milliardar kroner, ifølge nye analyser.

Mellom 20 og 40 fylkesvegar i Vestland har berre hittil i år vore stengd grunna ekstremvêr.

Vestland fylke har kartlagt kor mykje det vil koste å sikre fylkesvegane i Vestland mot framtidig flaum og stormflo. Pris: 38 milliardar kroner.

Også i Nordland, Troms, Finnmark og Møre og Romsdal er behova for skredsikring stor. Ifølge tal frå Statens vegvesen vil det koste rundt 95 milliardar kroner å sikre alle skredpunkt i landet – inkludert riksvegane. 

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland er uro for prisen på sikringa av vegane.

– Vi er svært uroa for den manglande finansieringa og korleis vil skal handtere klimaskapte skadar på fylkesvegane. Det er flaum og skred, vegar som blir vaska bort og bruer som blir øydelagde. Og det kjem på toppen av eit allereie alvorleg vedlikehaldsetterslep, seier Askeland på fylkeskommunens nettsider.

– Uavklart ansvar

Fylkesutvalet i Vestland ber regjeringa om pengar i vårens stortingsmeldingar om flaum og skred og i NTP.

Ny nasjonal transportplan – NTP – for perioden 2025–2036 skal leggast fram no i vår.

Fylkesordføraren meiner det økonomiske ansvaret for flaum- og skredsikring er uavklart.

– Vi har søkt dialog med NVE, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet med mål om å få endra den statlege tilskotsordninga for flaum- og skred til å også inkludere kommunal og fylkeskommunal infrastruktur. No er ansvaret uavklart og fragmentert, meiner Askeland.