Nyheter

Peiling
Vi diskuterar mest dei tinga vi trur vi har greie på. Dei viktige tinga vert sjeldan debattert.
Vi driv med ting vi ikkje har peiling på heile tida, vi politikarar. Vi er berre vanlege menneske som ikkje har peiling. Særleg forvaltingsrevisjon og saker frå kontrollutvalet er vanskeleg. Eg lurar på om dei andre i fylkestinget forstår kva som står der, og konsekvensane av det?
Det er ingen andre som rekk opp handa for å seie at dei ikkje forstår noko som helst av innstillinga frå kontrollutvalet, så då gjer ikkje eg det heller. Det er tydelegvis ingen andre som lurer på skilnaden på planprogram, plan , planstrategi og strategiar generelt heller ser det ut til.
Når journalisten i lokalavisa ringer og lurer på kva det eigentleg tyder at fylkesrådmannen si innstilling vart einstemmig vedteke i alle saker så nær som budsjttet i sist møte, om det tyder at den nye fylkesrådmannen er ekstra flink, om det er slik at politikarane ikkje skjønar kva sakene dreier seg om, eller om politikarane ikkje har egne meiningar? Då torer eg ikkje svare, i frykt for kva overskrifta i lokalavisa kan verte.
I frykt for at det blir «politikarane har ikkje peiling».