Annonse
Nyheter
Nøklene på Gol
Gol sitt våpen, «På gull grunn tre opprette svarte lyklar med skjegget ned, to over ein», vart vedteke 13. september 1985.
Kommunestyret valde fyrst to lyklar – eller nøklar – men endra dette til tre, etter drøftingar med Riksarkivaren. Motivet for å bruke lykjelen var kyrkjehistorisk, fordi det er kyrkjelykjelen frå Gol stavkyrkje som i dag står på Norsk Folkemuseum, som er brukt.
Lyklar på segl og våpenskjold har tradisjon attende til det 13. århundre, brukt symbolsk i heraldisk samanheng. Paven tok i bruk lyklar som emblem på sitt våpenskjold. Ei rekkje byar og kommunar verda over brukar ein eller fleire lyklar i sine våpen, t.d. Bremen i Tyskland og Riga i Latvia.
I Noreg har Gol selskap av Drammen og Sør-Odal, som også har lyklar i sine våpen.