Nyheter

Løynde tenester og oppdrag
Mellom fylkeskommunen sine løynde tenester er fylkesbiblioteket truleg den mest løynde av alle. Fylkesbiblioteket fortener ein interpellasjon.Om spalta
Eg har nett sendt inn denne:
Interpellasjon om demokrati- og folkehelseperspektiva hjå fylkesbiblioteket
Fylkesbiblioteket skal yte bibliotekfagleg rettleiing og har viktige utviklingsoppgåver for folkebiblioteka i fylket. Ein må dessutan ikkje undervurdere bokbåten sin verdi for skuleelevar i ytre strok, og bokbussen sin verdi i indre strok av fylket. Biblioteket si potensielle rolle i demokratiopplæringa i form av djupare innsikt og vidare horisont på livet må ikkje undervurderast. Biblioteket som ein gratis møteplass med høg himmel over seg og uendeleg med vegar ut i verda er ein føresetnad for busetnad i heile fylket, for at vi kan ta heile landet i bruk. At folk i heile landet får dekka sine poetiske behov og har biblioteket som lokal ventil for lengt er undervurdert frå eit folkehelseperspektiv.
Underteikna er uroa over at mange beslutningstakarar ikkje gjev nok merksemd til dette store potensialet ved biblioteket, og feilaktig trur at biblioteket er ei boksamling. Ei slik misforståing vil strupe inn på biblioteket si rolle i lokalsamfunna og vil ha ei heil rekke ikkje prissette konsekvensar i folk sine liv.
Forslag til vedtak
Fylkestinget ber om ei vidare utgreiing av fylkesbiblioteket si rolle i demokratibygging og styrking av folkehelsa i fylket.