Nyheter
Høgre og Ap like store
Høgre og Arbeidarpartiet er jamnstore i kommunane, viser ei ny meiningsmåling for norske lokalaviser.
Målinga som er utført av Norfakta for Landslaget for lokalaviser (LLA) viser at Høgre og Arbeidarpartiet ville fått like stor oppslutning dersom det hadde vore kommunestyreval i dag. Ved valet i 2007 var Ap over 10 prosentpoeng større.
– Høgre blir eit sterkt forhandlingsparti rundt om kring i kommunane etter neste års kommunestyreval, medan Arbeidarpartiet står meir og meir fram som eit byparti, seier valforskar Frank Aarebrot om den nye meiningsmålinga.
Høgre går tilbake 1,5 prosentpoeng frå ei liknande måling i september, men partiet har framleis ein auke på heile 6,6 prosentpoeng i forhold til forrige kommunestyreval. Framstegspartiet står på staden kvil, slik at Høgre styrkar seg i kampen om ordførerverva på høgresida.
Alle regjeringspartia går tilbake. Ordførerpartiet Senterpartiet slit mest.
Partiene sin oppslutning i prosent i LLA si siste kommunestyreval-undersøking. Tala i parantes er valoppslutninga under forrige kommunestyreval:
Ap: 25,9 (29,6)
Høgre: 25,9 (19,3)
FrP: 17,2 (17,5)
KrF: 5,9 (6,4)
Sp: 5,5 (8,0)
SV: 7,3 (6,2)
Venstre: 5,9 (5,9)
Rødt: 1,8 (1,9)
Andre: 4,4 (5,3)
Målinga er gjort 22. - 23. november blant 1.000 respondentar. Resultata er vegd mot fylke, kjønn, alder og kommunestyrevalet i 2007.