Nyheter

Ein snål entusiast

HØYANGER: Det er hans eigne ord. Geir Bjarte Hjetland trur at ti år som tabloidjournalist og hoffreporter er eit godt grunnlag for å vere raud kommunepolitikar.

I Ap-bastionen Høyanger sigla RV opp til å bli det fjerde største partiet etter valet i september. Dermed får partiet to representantar av 21 i kommunestyret dei neste fira åra. Mykje av æra for det skal den tidlegare grafsejournalisten ha. For to år sia sa han forvel til feite lønningar og buskjournalistikk, til bylivet og kjendisane. Han flytta heim til Høyanger, og er i dag tilsett i medieverksemda POW.

Verdikræsj

Hjetland lærte tabloidjournalistikk på desken i VG, var med på oppstarten av Her & Nå og vart hoffreporter i Se & Hør. Han fekk bladets internpris for ein omstridd reportasje om Kenneth Sivertsen.

Men livet vart litt problematisk etter kvart. Konfliktnivået steig, både i høve sjefane og inni hans eige hovud. Dessutan hadde han vorte familiefar.

- Verdian!, seier han med like stor glød som ein tidlegare norsk statsminister, men med ein god porsjon sjølvironi.

Hjetland var ein sterk bidragsytar til boka «En helt vanlig dag på jobben» av Håvard Melnæs, om det indre livet i Se & Hør.

- Eg takla ikkje arbeidsmetodane der lenger. Dei er forresten vorte snillare etter at boka kom ut, meiner den tidlegare reporteren. Men han legg ikkje skjul på at det har vore tøft. Det vart planta “dritpakkar” om han i ettertid.

- Eg er iallfall ikkje konfliktsky, og eg er flink å skilje sak og person, det skal dei merke i lokalpolitikken her.

Som tabloidjournalist har han alltid teke parti for dei svakaste. Han har ikkje for vane å krype, knapt bukke. Ein einaste gong i tida som hoffreporter bukka han for dronninga, det var då Sonja kvesste i: NÅ er det nok, Hjetland! Jeg vil IKKE se deg mer på denne ferien.

Full rulle

Tomatsuppe er kjapt å lage når huset flyt, ungane Øystein og Amina skal ha middag før farmor kjem for å ta dei med på hytta i helga. Sjølv skal den ferske kommunestyrerepresentanten til Warszawa om to timar.

- Har du stroke skjortene dine? spør omsorgsfulle mamma Hjetland før ho klemmer Balta god tur. Som absolutt alle frå Høyanger har han pådrege seg eit kallenamn. Det var ein gong Professor Baltazar, seinare forkorta til Balta.

Balta er kjent for å snakke mykje og lenge og starta tidleg å engasjere seg. Han var mellom anna tidenes yngste leiar i samarbeidsutvalet ved Høyanger barne- og ungdomsskule då han gjekk i 8. klasse. Sjølvsagt var han studentleiar i Sogndal, og attpåtil sentral i fråhaldsrørsla.

- Eg bestemte med som 14-åring, alkohol var kapitalismens måte å forgifte arbeidarklassen på, særleg i den 3. verda. Og det ER jo det.

Men 20 år gammal, som programleiar for ungdomsprogrammet Sofurama ved NRK Sogn og Fjordane i Førde, hamna han i dårleg selskap, rettare sagt med kollega Morten Sandøy, seinare programleiar i TV2. Då var det slutt med fråhaldet.

Heimkomen son

- Eg vart spurt sist vinter om å stå på andreplass på RV-lista, og det var jo litt av meininga med å flytte heim, å engasjere seg i lokalsamfunnet. Eg stod forresten på RV-lista i Frp-kommunen Os for fire år sia, då fekk vi 37 røyster, humrar han.

RV-aren Einar Rysjedal er den gamle ringreven i politikken i industribygda. I 24 år har han vore vaktbikkje og plageånd i kommunestyret. Og no får han altså med seg makkaren Hjetland, som på mirakuløst vist klarte å sanke 11,5 prosent av veljarane for eit parti som frå denne veka heiter «Rødt».

Dersom det vert direkte ordførarval i Høyanger, ser ikkje Hjetland bort i frå at partikollega Rysjedal kan bli ordførar.

- Rysjedal er dyktig, sakleg og ein politisk nestor. Han les kvart einaste ord i kvart einaste dokument før kommunestyremøta. Så får eg heller vere litt bajas. Eg er jo svært uerfaren i praktisk kommunepolitikk. Men eg skal bruke desse fire åra til å lære.Ap har ikkje reint fleirtal lenger, men må ha med seg den eine SV-representanten. Fagrørsla er ein ekstremt sterk maktfaktor i Høyanger. Både Ap, SV og RV må lytte til råda frå dei tunge forbunda. Men Høyanger slit etter at den eine produksjonshallen for aluminium vart lagt ned for eit par år sida.

- Vi vil ha sterkare miljøkontroll av industrien, og ein meir open næringspolitikk. I dag kan ingen etterprøve bruken av pengar fordi kommunen investerer i aksjeselskap utan rapporteringsplikt.

Kvinner, barn og homsar

Professor Baltazar brenn for mange ting - mellom anna for at kvinner som vil, skal få full stilling.

- Det vart nettopp lyst ut ein stilling innafor helsesektoren på 6 prosent, seier han, himlar med auga og legg til at det er viktigare for dei to på ytste venstre å få ein leiarposisjon i skule- og oppvekstutvalet enn i formannskapet.

Men i det han stryk ut døra med kofferten, kjem kjepphesten galopperande: Kyrkja og rettane til dei homofile. Han vert så eitrande galen. Han har meld seg både ut av og inn i statskyrkja, men no er det snart nok - igjen.

Skrevet av: Marit Bendz

Powered by Labrador CMS