Nyheter

- Bergen kommune bør bidra til å løfte problematikken om digitale nynorske læremiddel overfor Utdanningsdirektoratet, heiter det i vedtaket frå bystyret onsdag. Arkivfoto
- Bergen kommune bør bidra til å løfte problematikken om digitale nynorske læremiddel overfor Utdanningsdirektoratet, heiter det i vedtaket frå bystyret onsdag. Arkivfoto

By vil gjere meir for nynorsken

Dialekta har ikkje hokjønn. Men no vil Bergen få fleire a-endingar sidan kommunen skal nytte nynorsk oftare. Politikarane vil òg slå eit slag for digitale læremedel på nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Bystyret i Bergen handsama onsdag ei sak om meir bruk av nynorsk målform i kommunen.

Mellom anna har politikarane no vedteke:

  • Nynorskelevar i ungdomsskulen skal så langt det er råd få gå i same klasse.
  • I utlysing av ledige stillingar ved nynorskskular skal det gå tydeleg fram at tilsette må ha god kompetanse i nynorsk.
  • Dei som skriv kunngjeringar og saksframlegg til byrådet og bystyret kan velje fritt mellom nynorsk eller bokmål som målføre.
  • I tillegg til dei punkta som byrådet hadde lagt fram, fatta bystyret også dette vedtaket:

«Nynorskelevar bør få tilsvarande tilbod som bokmålselevar om bruk av digitale læremiddel på si eiga målform. Bergen kommune bør bidra til å løfte problematikken om digitale nynorske læremiddel overfor Utdanningsdirektoratet, og arbeide for at «digitale læremiddel på nynorsk for grunnskulen» kjem på prioriteringslista for tilskot til læremiddelutvikling i 2018», melder kommunen på eigen nettstad.

— Eg ønsker ein kommune som ikkje har eit likesælt forhold til språk. Minst ein tidel av innbyggjarane i Bergen nyttar nynorsk. Bergen kommune har eit ansvar for å ta vare på begge målformene våre, sa byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) då saka vart lagt fram.

I dag utgjer nynorskinnhaldet av aktuell informasjon på kommunens nettstad 2,3 prosent. I saka tar byrådet til orde for å talfeste nynorskprosenten til 10 prosent.

— Det arbeidet som Bergen kommune no har teke fatt på, er historisk. Aldri før har ein av våre storbyar sagt så klart ifrå at nynorsken har ein plass i byen. At Bergen no utformar ein plan for målbruk som så klart slår fast at nynorsken har ein plass i Bergen, og som ønsker å stø opp om han, er viktig for statusen til nynorsken på heile Vestlandet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei melding på nettstaden til organisasjonen. 

Powered by Labrador CMS