Nyheter

Angst for konstituering

Menn som seier ja før ein har spurt. Kvinner som seier ja etter fjerde telefonen og litt lobbing. Slik er livet for ein gruppeleiar før konstituering, skriv @fylkespolitikar.@fylkespolitikar

Publisert Sist oppdatert

@fylkespolitikar

Fylkespolitikar som elskar regional utvikling og planlegging. Skriv om fylkeskommunen, demokratiet, kjærleiken og livet annankvar fredag på Kommunal-Rapport.no

Vi har forhandla i veker. Vi har skrive avtale og finpussa lista over fordeling av verv. 

Som gruppeleiar har eg ringt potensielle varamedlem til ulike hovedutval fire kveldar på rad. Eg har laga ei innstilling som er forankra i fylkestingsgruppa. Forankra så djupt det er mogleg. Ingen skal seie at eg tar lett på dette.

Alt er er tatt hensyn til: Kvotering. Dei 25 øverste på lista har fått tilbodet, er oppmoda eller er skvist inn på varalistene. Menn som seier ja før ein har spurt. Kvinner som seier ja etter fjerde telefonen og litt lobbing frå lokallagsleiaren. Nokre nye, nokre gamle. Nokre som vil i meste laget og nokre som er motvillige, men har rett kompetanse eller bur i ein kommune som det er svært viktig å ha med inn i fylkestingsgruppa og difor tar ein for laget.

Gunnar har tatt på seg fleire varaplassar enn det kona hans nokon gong kjem til å få vite om.

I likhet med dei fleste andre les ikkje kona til Gunnar fylkeskommunale protokollar.  Eg har lova å ikkje sladre, men eg vurderer sterkt å sende henne ein stor bukett med blomar. På eit tidspunkt der ho ikkje fatter mistanke.  Kvar stemme teller. I val og i konstituering. Marginane er ørsmå denne gongen. Avtale om avtaleval er klar, håret er litt gråare, detaljene og listene er på plass i alle parti.

Og eg har angst. Angst for konstituering. Angst for at urutinert listefyll eller udetonerte bomber som ikkje fekk førsteønsket sitt oppfylt eller mista eit godt betalt styreverv rekk opp handa og ber om forholdstalsval.
 

Powered by Labrador CMS