Nyheter
Har ikkje sikra elevdata
Diagnosar, familieforhold og andre sensitive opplysningar om skuleelevar ligger utan lovpålagt sikring hos utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal.
Dei ansvarlege vart varsla for lenge sidan, men enno er opplysningane tilgjengelege, skriv Romsdals Budstikke.
Informasjonen kan ein finne i systemet Fronter, som ei rekkje utdanningsinstitusjonar nyttar.
Data er berre sikra med brukarnamn og passord, noko som ikkje er godt nok i høve til reglane.
– Det er rett at eg har vore varsla om dette, for slik info bør ikkje ligge på ein læringsplattform. Det har vel vorte liggjande av di rutinane kan hende ikkje har vore gode nok, seier Birger Bjørdal ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal til avisa.
Informasjonen skal ha vore tilgjengeleg på Fronter i to år.
Det er PPT-ansvarlege lærarar og sakshandsamarane i fylket som nyttar opplysningane. Poenget er å finne ut kva ressursar som skal nyttast for kvar einskild elev, basert på informasjon om kvar og ein.
– Grunnlagsdokumentasjon om kvar elev ligg systematisk i dette rommet, men kva som står om den einskilde, kan eg ikkje uttale meg om, seier Bjørdal til Romsdals Budstikke.
Gunnel Helmers, seniorrådgjevar i Datatilsynet, seier til avisa at det ikkje er lov å lagre personsensitiv informasjon i Fronter. Fylkeskommunen bryt dermed personopplysningslova.