Nyheter
Vil ha høgare avgifter
Både Høgre og SV ber kommunane sende rekninga vidare til innbyggarane for å få modernisert det eldgamle nettet for vann og avløp.
Rapporten frå Rådgivende ingeniørers forening, RIF, vart slått opp i ei rekkje nasjonale media i dag, onsdag. På Byggedagene 2010 vart rapporten debattert, mellom anna av Høgre-leiar Erna Solberg og kommunalpolitisk talsmann for SV, Heikki Holmås.
Politikarane var samde om særleg ein ting: Kommunane må ta inn høgare gebyr frå innbyggarane, slik at det dårlege nettet kan skiftast ut raskare.
Ifølgje rapporten frå RIF er snittalderen på nettet om lag 34 år. Det stemmer dårleg med tala kommunane sjølv har rapportert til Statistisk sentralbyrå. I Kostra-basen går det fram at den delen av nettet kommunane kjenner alderen på, er 27 år i snitt. Vatnleidningane er ørlite nyare enn klokkarøyra.
Betre organisert
Holmås meiner regjeringa er på rett veg etter at tiltakspakka i fjor vart nytta til vedlikehald, men meiner særleg det er mindre kommunar som har problem med å halde trykket høgt innan VAR-sektoren (vann, avløp og renovasjon).
Solberg peiker mellom anna på at kommunane har mykje å hente på både eit tettare samarbeid med private, og gjennom betre kommunal organisering.
– Eg applauderer ein kvar kommune som organiserer seg slik at dei kan fakturere husleige internt, sjølv om det vert ein ekstra faktura av det. Det er betre å få kostnaden opp på bordet. No er kommunane organisert slik at dei ikkje tek vare på bygga.
Treng meir plass
Rapporten frå ingeniørane, som sjølvsagt har ein økonomisk eigeninteresse av at det offentlege byggjer meir enn i dag, peiker mellom anna på at vi må ha nær 50 prosent meir offentleg bygningsmasse i 2050 enn i dag – av di befolkninga både veks og vi får langt fleire eldre.
Solberg meiner det ikkje er så sikkert. Ho etterlyser ei vilje i kommunane til å bygge smartare og nytte mindre plass enn i dag.
Den tidlegare kommunalministeren meiner òg at ein må innsjå at det er vanskeleg å få lokalpolitikarar til å vere meir opptekne av kloakk, i staden for artigare ting.
– Oppgåva er å få status i kloakknettet. Men eg veit ikkje korleis vi skal få til det.
John Nyheim, administrerande direktør i Norconsult, meiner Norge er blant dei dårlegaste i Europa kva gjeld lekkasjar frå nettet. Han vil gjerne ha meir interkommunalt samarbeid – og nyttar vassleidningen frå Asker til Drammen som eit døme på eit vellykka prosjekt.
Nyheim meiner rapporten frå RIF syner at det særleg er på områder kor det finst tilsyn med tryggleiken, at stoda er best.
– Det kan sjå ut til at tilsyn har ein skjerpande effekt.
To av tre i dårleg stand
Administrerande direktør i Asplan Viak og styreleiar i RIF, Øyvind Mork, seier rapporten slår fast at to av tre kommunale bygg er i dårleg stand – eller treng oppgradering. Han meiner òg at 80 prosent av alle bygg ikkje tilfredsstillar gjeldande lover og forskrifter.
Mork trekk fram St. Olavs hospital i Trondheim som eit godt døme på korleis gamle bygg kan renoverast, men han åtvarar om at det blant kommunane ser ut til at etterslepet på vedlikehald berre aukar.