Nyheter

Valde badeland framfor kraftaksjar

Kommunane var dumme som selde kraftaksjar billeg for ti år sidan, meiner fleire ekspertar. Men utan sal av arvesølvet hadde ikkje bergensarane valfarta til Os.

Publisert Sist oppdatert

Måndag føremiddag. Osbadet er ope. Ordførar Terje Søviknes svingar inn døra, helsar kjekt på badevert Sissel Bahus. I symjehallen – som mellom anna rommar fleire typar basseng og vatnsklie, er ein skuleklasse i gang med symjeundervisning, medan ei gruppe vaksne held på i eit litt mindre basseng bortanfor.

I Frp-kommunen er altså symjebassenget fylt med vatn. Det er til og med drive av kommunen sjølv. Osbadet hadde ifølgje Søviknes ikkje eksistert om ikkje kommunen for ti år sidan gradvis selde seg ut av Oskraft og BKK. Bassenget er det økonomane kallar den alternative bruken av pengane. I staden for å ha dei ståande i aksjar i eit selskap, kan dei faktisk nyttast til å byggje ting.

– Ja, kven skulle trudd Frp og Høgre ville byggje badeland i kommunal regi? Vi måtte stengje det gamle bassenget. Då hadde vi valet mellom å byggje eit nytt 25 meters basseng for 35 millionar kroner, eller vi kunne doble summen og lage Osbadet. Samstundes fekk vi spelemidlar, fortel ordføraren.

Han vekslar nokre ord med Leif Gunnar Borgen, dagleg leiar for Osbadet. Laurdag må ordføraren sjølv kaste seg ut i bassenget, i symjestafett. I helgene kjem gjerne bergensarar til Os for å bruke badelandet, som til saman har nær 100.000 innanfor dørene kvart år.

– Vi har eit tett samarbeid med Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, to dagar i veka har vi fysioterapi, babysymjing er svært populært, og laurdag har vi BT-symjing, i samarbeid med Bergens Tidende. To tredeler av inntektene kjem i helga, fortel Borgen.

Angrar ikkje på sal

Er det noko ordførarar ofte er skulda for, så er det at dei synest det er kjekkare å byggje enn å halde ved like. Å selje aksjar i kraftselskap ga moglegheit til både å byggje og å nytte meir pengar til drift – alt etter kor stor del av salssummen som måtte førast i investerings- og driftsrekneskapen.

Fram til 2002 selde mange kommunar seg ut eller ned i kraftbransjen. Den gongen berekna Kommunal Rapport at det vart seld kraftaksjar for 44 milliardar kroner. Meir enn kvar fjerde kommune kvitta seg enten heilt eller delvis med eigarskap i kraftselskap.

Kommunal Rapport har vore i kontakt med ei rekkje av kommunane som selde desse kraftaksjane. Dei som sit som ordførarar, i dag er nær alle som ein samde om at det var lurt å selje seg ut.

I Sel i Oppland kunne ordførar Dag Erik Pryhn (Ap) onsdag denne veka feire opninga av det distriktsmedisinske senteret. Pengane kjem frå sal av kraftaksjar.

– Pengane var eit viktig bidrag til sjølve finansieringa. Men like viktig var dei eit fundament for å arbeide fram mot ei realisering. Dei går inn i eit skreddarsydd helsebygg.

Fleire ordførarar peikar på at kommunen har nytta pengane til alternative ting. Kvinnherad bygde to sjukeheimar raskare enn venta. I Stordal i Møre og Romsdal nytta kommunen pengane til å forskottere ein tunnel forbi ei rasfarleg strekning – som Statens vegvesen elles ikkje ville hatt pengar til å gjere noko med på fleire år. På Averøy, litt lenger nord i fylket, vart pengane nytta til Atlanterhavstunnelen, som opna tidlegare i vår.

Ordførar Johan Alnes (Ap) i Ås peikar på at kommunen ikkje har brukt pengane dei fekk frå salet. Avkastninga har politikarane fått bruke, og den har ifølgje ordføraren vore 1,5 prosentpoeng høgare ennrentene på låna til kommunen.

Nokre kommunar har ikkje pengar att. Stor-Elvdal nytta alle pengane frå salet til Fleirbrukshall på Koppang. I Nøtterøy er den økonomiske situasjonen no så dårleg at kommunen risikerer å bruke opp heile kraftfondet for å halde skuta flytande litt til.

Symje til Kypros

I resepsjonen på Osbadet finn badevert Sissel Bahus fram symjeknappen. Anders Waage får ikkje metallet av di han nett har lært å symje, men for å ha passert 1 mil i bassenget.

– Frå nyttår og ut mars var det konkurranse, der du kunne vinne ein tur til Kypros om du klarte å symje meir enn 10.000 meter. Det klarte eg, og det var god trening. Men turen vann eg ikkje.

Saman med kamerat Lars Rein trenar Waage fleire gonger i veka i treningsstudioet som det kommunale føretaket leiger ut kjellaren til. Bassenget er ein viktig grunn til å kome hit, framfor til andre treningslokalar.

– Eg byrja å gå hit av di eg kan symje her. Det er greitt å ha eit slikt tilbod i kommunen.

– Nytta du det gamle bassenget kommunen hadde før?

– Det var råttent!

Utanfor har skulebussen henta ein klasse som er ferdige med symjinga for i dag, og levert ein annan. Av dei nær 100.000 som kjem til Osbadet kvart år, er 30.000 elevar. Ifølgje kommunen sjølv får ungane no tre gonger så mykje symjeopplæring som dei gjorde i det gamle bassenget.

Vil halde på kontrollen

Kommunane har fått myke kritikk for å selje seg ut av kraftmarknaden. Ifølgje ei undersøking Nationen gjorde nyleg, er det omtrent ingen ordførarar i dag som ønskjer å selje. Hans Marius Johnsen (Ap), ordførar i Sørum, ser ikkje attende på salet av kraftaksjar med glede.

– Aksjane vart selde på ei tid kor eg sat i opposisjon. Vi gjekk mot å selje. Eg meiner framleis at det offentlege – stat, fylke og kommune – skal eige infrastruktur, som kraftforsyning.

I Sørum gjekk pengane ifølgje ordføraren med til å betale ned på gjelda. I dag har kommunen ei netto gjeld på 93 prosent av driftsinntektene. Akershus-kommunen er blant dei 40 mest forgjelda kommunane i landet.

På spørsmål om kva som er det dummaste kommunane som selde kraftaksjar har gjort, svarer Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap) slik:

– Det dummaste var å selje. Vi har tapt verdiar for 6 milliardar kroner.

Det er ikkje så mange andre som vil seie at dei har gjort noko dumt etter at dei fekk store pengesummar mellom hendene. Men Herdis Bragelien (Ap), ordførar i Grue, meiner kommunen ikkje har hatt nokon god strategi for korleis pengane skulle brukast.

– Vi kan ikkje seie “dette har vi fått til av di vi selde kraftaksjane våre”. Om vi ikkje hadde seld, kunne vi i dag henta inn gode pengar på avkastning.

Forskar Roger Normann ved Agderforskning er ein av dei som har prøvd seg på å vurdere kor mykje meir verd kraftaksjane er no, enn den gongen kommunane selde. Normann har i samband med doktorgraden sin rekna på Agder Energi, der han studerte prosessen kring aksjesalet. Konklusjonen er klår: Kommunane har tapt mange milliardar på å selje seg ut. Normann peikar på at kommunane hadde dårlege rådgjevarar, og at aksjane vart selde til Statkraft på eit tidspunktdå ein ikkje hadde ein fungerande kraftmarknad og regulerte prisar. I dag er situasjonen i marknaden heilt annleis.

Ovanfor Kommunal Rapport legg Normann vekt på at verdirekninga ikkje var hovudpoenget i forskinga, men at faktorar som utvikling i verdi og utbytte i kraftselskapet må sjåast mot utbytte og avkastning på dei plasseringane som seljarane plasserte pengane sine i.

Samstundes selde dei fleste kommunane til Statkraft. Dei auka verdiane på kraftselskapa har dermed ikkje forsvunne frå det offentlege – dei har flytta seg frå kommune til stat.

I 2008 rekna Econ Pöyry på kor store verdiar kommunane har i kraftaksjar. Dei kom til 160 milliardar kroner i netto verdi, ein auke på 12,5 prosent i året frå 2002. I same periode auka Oslo Børs meir, men deretter kom finanskrisa og gjorde reknestykket betre for dei som vart sitjande som krafteigarar. Utbyttene vart dobla frå 2002 til 2006, og har auka vidare sidan. Men det er verdiauken på selskapa, ikkje utbytte, som har gjort det til eit godt økonomisk trekk å bli sitjande som eigar. Utbyttene i seg sjølve representerer framleis i snitt om lag eller under 4 prosent avkastning årleg, om vi nyttar tal frå Econ Pöyry saman med Kostra-tal for å anslå tal for 2009.

Glad for å være ute

På sitt kontor i tredje etasje i Os rådhus angrar ikkje Terje Søviknes på noko. Han er samd i at utbyttepolitikken frå BKK er heilt annleis no enn då Os var ein av eigarane, men peikar på at Os fekk 1–2 prosent avkastning, så det var mykje å gå på.

– Har det vore høve då du har tenkt at no skulle det vore bra å ha ei stemme på generalforsamlinga?

– Eg er glad eg slepp å ha den stemma i BKK. Det er ein maktkamp mellom Statkraft og dei andre eigarane. Utbyttene er betydeleg høgare, men det tappar samstundes selskapet for verdiar.

I tillegg til Osbadet har kommunen brukt kraftpengar som tilskot til eit aktivitetshus som idrettslaget på Nore Neset driv sjølv. Kommunen har også investert i fleire sjukeheimsplassar.

Særleg dei første åra etter salet, nytta kommunen pengane direkte i drifta. No går dei via eit bufferfond, og ifølgje ordføraren er det ikkje noko politisk strid om å halde pengane vekke frå drifta. Etter finanskrisa er kommunen i gong med å fylle på sitt sjølvpålagte bufferfond, som bør vere på 20 prosent av samla kapital, ifølgje ordføraren.

Skulle det gå dårleg med drifta, verkar kommunelova slik at Os må hente frå bufferfondet for å saldere rekneskapen. Så det er ikkje gitt at pengane er veldig langt unna drifta likevel. Som i 2008, då drifta gjekk med 78 millionar kroner i minus.

– Reknestykka vert aldri heilt eksakte. Korleis skal vi rekne avkastninga på det vi har brukt innan drift og investering mot verdistigninga til kraftselskapet? Vi har ein heilt annan økonomisk fridom. Grunnkapitalen er stort sett urørt, med eit par unnatak for nedbetaling av gjeld. Etter finanskrisa budsjetterar vi ikkje med avkastning i budsjettet i år. Vi vil heller nytte ho til einskilde investeringar. Hovudkapitalen har vi. Den er framleis arvesølvet.

Powered by Labrador CMS