Nyheter

Trangt sjølv utan Terra

Ullensvang herad gjekk ikkje i Terra-fella. Men høge kraftinntekter hjelp altfor lite på ein stram økonomi.

Økonomisk kontroll 1

Politikarane i heradsstyret har ikkje høyrt på rådmannen. Svaret er eit ulovleg budsjettvedtak, med ein økonomiplan som ikkje er i balanse. Slikt er heilt uforståeleg, særleg når det berre manglar 100.000 kroner på å gjere planen lovleg.

Netto driftsresultat er som vanleg så vidt i pluss i Ullensvang. I økonomiplanen er det berre på grunn av investeringsmomsen, som kommunen vert nødt til å flytte til investeringsrekneskapen i framtida. Slikt lovar ikkje bra for ein kommune med store inntekter frå konsesjonskraft.

Investeringane er ikkje særleg høge, men gjeld og avdrag tar samstundes om lag 4 prosent av budsjettet dei neste fire åra.

Eit notat om ny skulestruktur er lagt ved, og planen er å diskutere saka til hausten.

Målstyring 4

Her er visjonar for kommunen og overordna mål. Dei er vanskelege å måle i praksis - men slik er det no ofte med den type mål. Her ser ut som Ullensvang prøver å utmeisle konkrete mål som skal trekke heradet mot dei overordna måla. Det er ein god ambisjon. Nokre stader fungerer det bra, som innan økonomi. Andre stader vert det for uklårt. Kva betyr det at heradet skal arbeide for å halde posisjonen som «ein leiande fruktkommune»? Vil dei ha fleire frukttre? Skal kommunen vere den største fruktkommunen i landet, eller blant dei tre største? Gjer måla så konkrete som mogleg.

Eit minus er at budsjettet inneheld for mange mål på dei forskjellige områda. Kva for mål er aller viktigst for 2008? Ikkje alt kan gjerast på ein gong.

Nokre gode KOSTRA-tall er nytta, det er bra - ekstrapoeng for det.

Framstilling 4

45 sider er passeleg. Dokumenta er lett tilgjengelege via Internett, og eg gir eit ekstra pluss for at tabellane kan hentast ned som rekneark. Det er god hjelp for både politikarar og journalistar som vil analysere tala nærmare.

Dokumentet er lett å lese, teksten er ikkje for lang for kvart avsnitt, og det er ei grei mengde tabellar og illustrasjonar. Detaljnivået er litt vel høgt nokre stadar.

Total 4

Eit dokument som er lett tilgjengeleg for andre enn ekspertane. Hugs å gjere eit lovleg vedtak neste gong.

Ullensvang

Innbyggjarar: 3.406. Fylke: Hordaland. Ordførar: Solfrid Borge (Sp).

Nøkkeltal frå økonomiplanen (millionar kroner)

2008 2009 2010 2011

Netto driftsresultat 0 1 2 1

Investeringar 24 15 14 6

Gjeld* 110 107 109 105

* Berekna av Kommunal Rapport

Skrevet av: Ole P. Pedersen

Powered by Labrador CMS