Nyheter
Svartelista driv betre enn resten
Kommunar i Robek-registeret fekk betre økonomisk resultat enn resten av kommunane i fjor.
Av dei 50 kommunane som no er på svartelista til Kommunaldepartementet, hadde 22 eit korrigert netto driftsoverskot i fjor. 22 gjekk med underskot, medan seks enno ikkje har levert tal til Statistisk sentralbyrå.
Samla hadde dei 44 kommunane med tal eit korrigert netto underskot på berre 0,1 prosent. Det er betre enn Kommune-Norge samla, som fekk eit korrigert netto underskot på 0,3 prosent.
For berre to år sidan hadde dei same kommunane eit underskot på 6,9 prosent. Situasjonen er betre no enn for to år sidan i 39 av dei 44 kommunane.
Nes på veg ut
Utanom Terra-kommunane Hattfjelldal, Vik og Bremanger, som har svært høge inntekter og ordinært ikkje ville vore i Robek, er det Nes i Akershus som dreiv best av dei svartelista i fjor. Eit korrigert netto resultat på 5,5 prosent gjer at kommunen både kan dekke inn gamalt underskot etter planen og setje litt pengar på forskjellige fond, fortel økonomisjef Øystein Seland.
– Vi har nok eit resultat som gjer at vi kanskje kan kome ut av Robek alt no. Men vi ser ikkje noko poeng i det. Vi står gjerne på lista i år òg, og vil følgje nedbetalingsplanen.
Nes har berre vore i Robek sidan 2009 og kom inn fordi kommunen vedtok å fjerne gamalt underskot over tre år. Det er innanfor kommunelova, men for lang tid til å sleppe unna statleg kontroll.
Å hamne i Robek tydde at det vart større politisk vilje til å ta viktige grep for å redusere utgiftene, forklarar Seland.
– Vi gjorde omfattande grep i forkant av budsjettet. Vi la mellom anna ned fleire barneskular og gjorde andre grep både i pleie og omsorg og andre stader. Samstundes var budsjettdisiplinen god, og vi fekk litt hjelp av ekstra skjønnsmidlar frå Fylkesmannen, samt vår del av eldremilliarden.
I år må Nes klare å dekke inn dei siste 25 millionane som står att som udekka underskot. Det trur ikkje Seland skal by på noko problem. I så fall kan Akershus-kommunen bli fjerna frå Robek når kommunestyret sommaren 2012 har vedteke rekneskapen for i år.
Sande i Møre og Romsdal, Osterøy, Fræna og Lindesnes er andre Robek-kommunar som har eit godt korrigert netto driftsresultat i fjor.
Tungt i Gjemnes
I motsatt ende av lista finn vi Gjemnes, som slit svært tungt og fekk eit korrigert underskot i fjor på 16 millionar kroner, eller nær 9 prosent. Kommunen har frå neste år utvida eigedomsskatten, noko som vil auke inntektene i kommunen med nær 5 prosent åleine.
– På somme områder må vi justere nivået på tenestene, men framleis halde oss innanfor lov og forskrift, skreiv rådmann Nils Martin Sæther i budsjettdokumentet i haust.
Ifølgje SSB har kommunen no eit oppsamla udekt beløp på 16 millionar kroner.
Gamvik og Stord har òg stygge tal i fjor, medan Skjervøy og Hobøl må registrere at dei er blant dei svært få Robek-kommunane som hadde dårlegare resultat i fjor enn i 2008.
Sju av ti med eigedomsskatt
Tala for i fjor syner at sju av ti Robek-kommunar som har tal, har inntekter frå eigedomsskatt. Dermed nyttar dei svartelista eigedomsskatt omtrent like ofte som landet samla.
Fleire av Robek-kommunane har høg gjeld, og meir enn ein av fire nytta i fjor minst 5 prosent av inntektene sine til renter og avdrag.
35 av kommunane står framleis med eit oppsamla underskot i drifta etter 2010, ifølgje tala frå SSB.