Nyheter
Særs godt år for Kommuneforlaget
Direktør Ove Monsen kan sjå attende på eit godt økonomisk år for Kommuneforlaget – og seg sjølv. KS Konsulent gjekk derimot med ein halv million i underskot i fjor.
Sist veke var det generalforsamling i dotterselskapa i KS. Desse er organisert som eit konsern i selskapet KS Holding.
Rekneskapen syner at 2009 vart eit tøft år i konsulentfirmaet KS Konsulent. Inntektene gjekk attende med nesten 3 millionar kroner til litt over 28 millionar. Kostnadane vart berre kutta med 160.000 kroner. Dermed vart eit overskot på over 2,1 millionar kroner i 2008 snudd til eit underskot på litt over 500.000 i fjor. Etter skatt vart resultatet minus 300.000.
I årsmeldinga er det dårlege resultatet forklart slik:
* Færre oppdrag på kurs og konferansar hausten i fjor
* Lågare inntekt på å nytte fagressursane i KS
* Oppstartkostnadar knytt til nytilsette rådgjevarar. Det er ikkje spesifisert kva kostnadar det er tale om.
Balansen i rekneskapen syner at likviditeten er svekka, men samstundes er kortsiktig gjeld også mykje lågare. Etter underskotet har KS Konsulent ein samla eigenkapital på 3,6 millionar kroner.
Trur på betring
Selskapet reknar med langt høgare aktivitet i år innan området styring og analyse, og trur på stor interesse for Kommunekompasset, der ein kommune kan samanlikne seg med andre innan sentrale felt.
Nyvald styreleiar i selskapet, Lars Buer, seier han no først vil gå igjennom situasjonen med leiinga i selskapet.
– Det vil legge grunnlaget for ein diskusjon med eigaren om korleis vi strategisk skal rette inn verksemda i selskapet, og kva operative tiltak ein bør gjere.
Buer kjem utanfrå kommunesektoren, men har mellom anna lang erfaring frå LO. Dei seinaste åra har han arbeidd med konsulentverksemd og styrearbeid.
Overskot
I dei andre selskapa i KS Holding er tala betre. Som avisa tidlegare har omtala, fekk Kommunal Rapport AS i fjor eit rekordoverskot etter skatt på 2,25 millionar kroner. Ein halv million går til konsernbidrag til andre selskap i KS Holding. Kommuneforlaget meir enn dobla sitt resultat etter skatt frå 3 til 7 millionar kroner på eitt år. Sjølve driftsresultatet var berre litt forbetra frå 2008, då særlege verdiavskrivingar og tap på verdipapir øydela totalen. Selskapet hadde i fjor ei omsetnad på knappe 66 millionar kroner. Fire av fem kroner selskapet får inn, kjem frå elektroniske produkt som kommunane kjøper. Rett under 2,2 millionar kroner vert utbetalt i konsernbidrag.
I Kommunenes Hus AS er utviklinga òg positiv. Selskapet gjekk frå minus 1,8 millionar i 2008 til eit årsresultat på knappe 4,3 millionar kroner i fjor. Pengane går med til å auke eigenkapitalen i selskapet. Ein kombinasjon av lågare kostnadar og høgare inntekter har gjort at eigedomsselskapet fekk betre resultat.
Betre løn enn Jens
Årsmeldingane frå dotterselskapa i KS syner at det er stor skilnad på kva toppleiarane tenar.
Ove Monsen i Kommuneforlaget er på den suverene lønstoppen, med over 1,6 millionar kroner i løn, pensjon og andre ytingar i fjor – og slår mellom anna dermed statsminister Jens Stoltenberg i lønskampen. Monsen toppar føre Bjarne Refsnes i KS Konsulent, som fekk litt over 1,2 millionar kroner i løn og andre ytingar. Britt Sofie Hestvik, sjefredaktør og administrerande direktør i Kommunal Rapport fekk rett under 1 million kroner i samla ytingar, pluss ein bonus på 50.000. Per Løwø, direktør for Kommunenes Hus, fekk om lag 980.000 kroner i løn og andre ytingar.
Styreleiarane i selskapa fekk eit honorar på 75.000 kroner, medan det å verestyremedlem ifølgje årsmeldingane gjev 50.000 kroner i inntekt.
Økonomidirektør i KS, Morten Dahl, konkluderer med at resultatet i KS Konsulent ikkje er tilfredsstillande samla sett, men peikar på at dei andre resultata i dotterselskapa er gode.
– I det store og heile har dotterselskapa samla nådd forventningane til lønsemd. For konsernet samla sett er KS godt nøgd med dei økonomiske resultata. Utsiktene for 2010 ser også rimeleg gode ut.
Det samla resultatet på 13,2 millionar kroner går inn i konsernrekneskapen til KS.
– KS vil og få eit overskot som er betre enn 2008, og som vi vil seie oss godt nøgde med, seier Dahl.
KS sjølv handsamar eigen rekneskap i landsstyret 18. mai.