Nyheter
Plogjarn i Førde
«På raud grunn tre sølv plogjarn» er den korrekte framstillinga av Førde sitt våpen.
Førde sitt kommunevåpen vart godkjent i 1990. Det var Inge Rotevatn som teikna dei tre sølvplogane som symboliserer landbruk, vekst og utvikling.
Førde har utvikla seg frå å være ei tradisjonell landbruksbygd til å bli ein liten by på relativt kort tid. På slutten av 60-talet var det registrert 513 små og store eigedomar som dreiv med landbruk i ei eller anna form. Sidan den tid er jordbruksarealet blitt redusert år for år, og i dag er det handel, service, helse, bilar, utdanning og kultur som pregar byen.
På 90-talet hadde Førde ein folketalsvekst på 23,1 prosent, noko som kvalifiserer til ein tredjeplass i NM i vekst. Framleis stig talet på førdianarar jamnt og trutt.