Nyheter

Gulleplene i Leikanger

Leikanger kan skilte med to gullepler på kvist på grøn bakgrunn i kommunevåpenet.

Navnet Leikanger kjem av det norrøne «Leikvangir», som igjen tyder på at det i gamal tid låg vollar nytta til leik og tevlingar her.

Men eplet i kommunevåpenet, som vart godkjent i 1963,  speglar på fruktdyrkinga i kommunen. Leikanger er fjerde største fruktkommunen i landet med sine 80.000 tre, og her ligg også verdas nordlegaste forskningsstasjon for frukt og bær. Her finn vi og Norsk fruktmuseum med ei samling på blant anna over 50 eplesortar.

På dei gamle vollane finn ein i dag ikkje berre frukttre. Offentlege instansar har også funne sin plass her. Fylkesadministrasjonen og Fylkesmannen, Direktoratet for forvaltning og IKT, Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane og Statens vegvesen Region Vest sysselset omlag ein tredel av dei yrkesaktive i kommunen.

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS