Nyheter
Geit i Vinje
Våpenet til Vinje har ein sølv geitebukk mot ein blå bakgrunn, og vart godkjent i 1990.
Geitehald har lange tradisjonar i Vinje. I 1860 skreiv Aasmund Olavsson Vinje den kjende barnesongen, «Blåmann». Det er denne songen som har gjeve inspirasjon til kommunevåpenet, som vart utforma av Arvid Sveen.
Geita er eit lite kravstort husdyr som er til glede både for turistar, bønder, natur og brunostelskarar. Men talet på geitebønder i Vinje har gått kraftig ned siste åra. I 1995 var det 32 geitebønder i kommunen medan det i 2010 berre var 17 bønder att som dreiv med geit. Trøysta får då være at talet på geiter i same periode ikkje er like kraftig redusert. I 1995 var det 1.482 registrerte geiter i Vinje medan det i fjor var 1.267 dyr til å halde tradisjonane i hevd.
Navnet «Vinje» kjem for øvrig av det norrøne ordet «vin», som i dag omtalast som «eng».