Nyheter

Byggjer vilt i vest

Store byggjeprosjekt fører med seg eigedomsskatt frå 2009 i heile Radøy, hvis rådmannen får det som han vil.

Økonomisk kontroll 2

Rådmannen skriv at alle fond er tømde frå 2009, noko som er illevarslande. Kommunen investerer heilt hemningslaust, målt i prosent av dei totale driftsinntektane. Nokre av investeringane er sjølvfinansierte, eller får tilskot frå Husbanken, men likevel. Rådmannen vil ha eigedomsskatt i heile kommunen for å dekke opp renter og avdrag frå 2009.

Rådmannen reknar med at nytt inntektssystem skal gi kommunen meir pengar. Eit sjansespel, men han tykkjer nok han ikkje har noko val, om han ikkje skal provosere dei nyvalde politikarane med fleire kuttforslag.

Nokre fleire økonomiske nøkkeltal kunne vore med, som ein tabell over korleis gjelda faktisk skal utvikle seg framover.

Netto driftsresulat er elendig, nett som tidlegare år.

Målstyring 2

Kommunen har som alle andre særs generelle mål. Rådmannen skriv at han har prøvd å gjere dei meir konkrete, men eg saknar døme på det i budsjettet. Kvar eining kan godt sette opp eit eller to mål kvar, som kan undersøkast og målast. Kommunen vil vere med i det såkalla kvalitetskommuneprosjektet, og syner vilje til å få ned sjukefråveret.

Samanlikningar med andre kommunar finst nesten ikkje. Er der ikkje nokon å samanlikne seg med, kan du jamvel prøve med deg sjølv. Kva for sektorar aukar i ressursbruk? Kor ligg kommunen for høgt og for lågt?

Mange kommunar lister ein lang harang med KOSTRA-tal. Det er ikkje løysinga. Radøy kan byrje med å plukke ut dei 10-15 viktigste tala, som syner kor kommunen skiljer seg ut frå normalen.

Enkelhet 5

Eit budsjett på berre 26 sider. Det er ikkje mogleg, vil ni av ti rådmenn hevde. Jau, det er det ikkje tvil om. Her kjem rådmannen kjapt til poenget, sjølv om alle einingane er med i budsjettet. Det kan sjå ut som einingsleiarane har skrive kvart enkelt kapittel. Dei kunne ha vore redigert strengare.

Rådmannen skriv lett og stort sett ubyråkratisk. Ikkje fullt så bra språk hos einingane, men totalt sett mykje betre enn normalen.

Eg saknar kolonner i tabellane som viser endringa frå eit år til eit anna. Om du ikkje er god til å rekne i hovudet, vil du slite litt med å finne dei største endringane.

Totalt 4

Oversiktleg budsjett som er ganske lett å forstå for ein vanleg innbyggjar. Konkrete mål og samanlikningar er det som manglar mest.

Skrevet av: Ole P. Pedersen

Powered by Labrador CMS