Nyheter
3.500 fleire tilsette i kommunane
Talet på tilsette vaks langt meir enn venta i fjor – og dei jobbar deltid.
Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det ved årsskiftet var 499.000 tilsette i kommunal sektor. Det er over 3.500 fleire tilsette enn SSB rekna med, då byrået la fram førebelse tal for tre månader sidan.
Samstundes er talet på årsverk omtrent uendra frå dei førebelse tala i mars. Det tyder at dei tilsette i kommunane arbeider meir deltid og mindre fulltid. Ei kommunal stilling er i snitt på 76,8 prosent no, mot 77,1 prosent i 2008, syner tala frå byrået.
Det er i kommunane veksten har vore større enn venta. Samanlikna med 2009 har talet på tilsette auka med 2 prosent, eller nær 10.000 personar.
Dei kommunale helse- og sosialtenestene sysselset over 42 prosent av alle sysselsette i kommunane, og utgjer 145.700 årsverk. Denne sektoren hadde ein auke i avtalte årsverk på 2,1 prosent frå 2009, det vil seie nær 3.000 årsverk.
Av dei områda kommunane har ansvar for, har barnehagane hatt størst prosentvis auke i avtalte årsverk samanlikna med 2009, heile 3,2 prosent, eller nær 1.300 avtalte årsverk, melder SSB.
Årsverk knytt til interkommunale selskap er ikkje med i tala. I 2010 var det om lag 9.300 årsverk i desse selskapa.
Stabil sysselsetjing i fylkeskommunane
Ved nyttår var det over 47.400 sysselsette i fylkeskommunane, tilsvarande 41.000 avtalte årsverk – omtrent som forventa. Dette er ein auke på 1 prosent samanlikna med 2009, eller i overkant av 400 avtalte årsverk.
Vidaregåande opplæring utgjer 82 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane, medan tannhelsetenesta utgjer vel 6 prosent.