Nyheter

Ny rådmann i Fjaler

Arne Kyrkjebø (61), byrja som rådmann i Fjaler 1. august

Løn: 407.000 kronerArbeidsavtale: Engasjert til 31.12. 2004Sivilstand: SambuarUtdanning: Lærar, pluss tilleggsutdanning i administrasjon og leiingPraksis: Lærar, skulesjef, ein periode på fylkestinget, ordførar frå 1995 til 1. august i årBosted: Dale i Sunnfjord

- Korleis fann du på å gå av som ordførar for å bli rådmann?

- Vi har hatt ein litt ustabil rådmannssituasjon dei to siste åra, og då den forrige rådmannen slutta, var vi midt i ein prosess med å vurdera samanslåing med Hyllestad og Askvoll. Vi var redde for å tape tid og framdrift, og det var bakgrunnen for at eit politisk parti - ikkje mitt eige - kontakta meg. Så vart det til at eg tok eit engasjement for to og eit halvt år.

- Og når perioden er omme, er Fjaler samanslått med naboane?

- Avgjerdsla er i alle fall tatt. Vert det ja, er samanslåing frå 1. januar 2005 eit realistisk mål?

- Kva for erfaringar har du frå rollebytet?

- Det har gått veldig greit. Det har vore veldig travelt, men det er litt mi eiga skuld. Hadde vel litt store ambisjonar om å gjere alt på ein gong.

- Har du eit førebilete blant rådmennene?

- Nei. Å tenke slik er helt fjernt for meg.

- Kva er det største du kan oppleve som rådmann?

- Det som gnager, anten du er rådmann eller ordførar, er den økonomiske situasjonen. Så det største ville vere å ha økonomisk fridom til å gjere positive vedtak - ikkje berre negative.

- Og det verste?

- Det verste scenarioet i ein organisasjon, er personkonfliktar og vanskelege interne forhold. Så lenge ein har eit godt arbeidsmiljø og ein god tone, tåler ein mykje arbeidspress og knappe ressursar.

- Din største tabbe som kommunal leiar?

- Trur ikkje eg har gjort nokre kjempetabbar, men heilt sikkert mange små, som å køyre halve fylket på veg til eit møte, berre for å oppdage at møtet var ein annen plass og ein annen dag enn eg hadde tenkt.

- Er det for mange kommunar i Norge?

- Ja. Men det er ikkje så mykje å spare på samanslåing som det vert hevda frå forskarhald og departementet. Det viktige er at små kommunar ikkje kan ha kompetanse på alle område, fagmiljøa vert for små. Det eg skulle ønske, er at Stortinget gjorde ei ny utgreiing av kommunestrukturen og vedtok samanslåingar.

- Kva er gale med Kommunal Rapport?

- Eg synest avisa er velredigert og grei.

Powered by Labrador CMS