Nyheter

Ny lov skal styrke tilliten til vala
Teljing av stemmer i vallokalet og ei meir moderne språkdrakt. Dette er to av tiltaka i forslag til ny vallov som regjeringa har lagt fram.
Forslaget til ny vallov inneheld tiltak som gjer at veljarane har tillit til valet og at valet går rett for seg. Tillit blir blant anna løfta opp i formålet i lova.
Regjeringa foreslår derfor enkelte endringar i korleis valet blir gjennomført i kommunane, mellom anna ved å stille større krav til openheit i oppteljinga av stemmesetlar. Første oppteljing skal skje manuelt i vallokala, og valresultata skal offentleggjerast i kvart vallokale.
− Vallova er ein viktig del av grunnlaget for demokratiet vårt, og skal sikre at veljarane har tillit til valgjennomføringa, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i ei pressemelding.
Universelt forma ut
I forslaget til ny vallov er også språkdrakta ny, slik at både veljarar, parti, folkevalde, valmedarbeidarar og myndigheiter forstår den.
Det blir også føreslått å ta inn i lova krav om universelt forma ut vallokale.
− Det er eit viktig demokratisk prinsipp at flest mogleg veljarar skal kunne stemme i ordinære vallokale, seier statsråden.
Regjeringa føreslår også at veljarane ikkje lenger skal kunne gi personstemmer ved stortingsval.
Her er ein oversikt over forslag i den nye vallova.
Forslaget til ny vallov er basert på ei utgreiing frå vallovutvalet, som var på høyring hausten 2020. Den nye vallova skal kunne gjelde frå stortingsvalet i 2025.
Vallovutvalet har bestått av 18 medlemmar. Ni var frå partia på Stortinget, resten er personar med fagkompetanse innan jus, statsvitskap, IT-sikkerheit og praktisk valgjennomføring.
- Les også:Fylkeskommune vs. valgdistrikt