Nyheter

Leier permittert advokat for 1.000 kr timer

Frå 1. august har kommuneadvokat Karl Ø. Kristiansen permisjon frå stillinga si i Kvinnherad. Samstundes leiger kommunen han tilbake for å jobbe med dei same sakene, frå same kontor, til 1.000 kroner timen pluss moms, skriv Haugesunds Avis.

Årsaka til permisjonen er at Kristiansen har fått ny jobb som advokatfullmektig i det lokale advokatfirmaet Harsvik, Handeland & Døssland AS. Permisjonen varer i utgangspunktet i halvannet år.

Kvinnherad kommune har i same tidsrommet forplikta seg til å nytte advokatfirmaet der Kristiansen er tilsett, i alle saker der det er trong for juridisk rådgjeving, representasjon og prosedyre, bortsett frå i barnevernsaker.

Advokatfirmaet har også gått inn i ein leigeavtale med kommunen om å leige kontorplass i rådhuset i Rosendal. Mellom anna vil Karl Ø. Kristiansen ifylgje fungerande rådmann Erling Erstad delvis bruke sitt gamle kontor.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS