Nyheter

– Med den historikken vi har hatt dei siste dagane, er det uråd å vere spåmann, seier ordførar Ole André Klaussen (H) i Askvoll, om koronasituasjonen.
– Med den historikken vi har hatt dei siste dagane, er det uråd å vere spåmann, seier ordførar Ole André Klaussen (H) i Askvoll, om koronasituasjonen.

Karantenereglar skapar undring

Har karantenereglar gjort at det gamle fylket har oppstått som byråkratisk eining att? – Nei, nei, svarar ordførar.

Publisert Sist oppdatert

Ei formulering på Askvoll kommune sine heimesider, fekk ein innbyggjar til å reagere. Har verkeleg Sogn og Fjordane oppstått som ei byråkratisk eining att, undra ho?

– Nei, nei, svarar ordførar Ole André Klaussen (H).

Dette er formuleringa innbyggjaren undra seg over:

«Det geografiske området for gamle Sogn og Fjordane «løses» med dagens vedtak fra følgjande fylker i Norge: Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, det geografiske området som tilsvarer tidlegare Hordaland og det geografiske området som tilsvarer tidlegare Sør-Trøndelag. Desse fylka betraktast på lik linje som land utenfor Norge (unntatt Sverige og Finland)».

– Denne formuleringa vart ikkje gjort for å få Sogn og Fjordane tilbake i drift. Men vi måtte finne ei avgrensing som kunne fungere med tanke på at i delar av Vestland har smitten større utbreiing, seier ordføraren.

I skrivande stund er det ingen som er registrert smitta i Askvoll og ordføraren understrekar at kommunen held seg til alle pålegg som kjem.

– Men om dette blir langvarig, vil det bli ein rar situasjon. Førebels går arbeidspendlinga som normalt her, i den grad ein kan snakke om normalt. Men kva som skjer framover? Med den historikken vi har hatt dei siste dagane er det uråd å vere spåmann, seier Klaussen.

– Umogleg å gjennomføre eit slikt vedtak

Fleire av kommunane i det gamle fylket har innført same karantenereglane som Askvoll, men lengre sør ligg Gulen kommune som grensar til gamle Hordaland. Der har dei ikkje gjort vedtak om å bli løyst frå sitt tidlegare fylke.

– Vi har ikkje gjort dette vedtaket, det hadde vore heilt umogleg å gjennomføre, seier ordførar Halvard Oppedal (Sp).

Legevakta som Gulen nyttar ligg i nye Alver i gamle Hordaland og lokalsjukehuset ligg i Bergen.

Skuleelevar og studentar som kjem frå Bergen og dei andre store studentbyane må følgje retningslinene om karantene, sjølv om kommunen ikkje har registrerte smitta enno.

Gulen har om lag 2.300 innbyggjarar, men er ein stor hyttekommune, med mange bergensarar som hytteeigarar.

Ordføraren har inntrykk av at eigarane har reist heim. Han er meir uroa for hyttene i desse dagar.

– Vi hadde to innbrot for eit par dagar sidan, seier Oppedal.

Powered by Labrador CMS