Nyheter

For dårleg styring av tenestene

Kommunalministeren må setje press på kommunane for å få betre leiing av tenestetilbodet, meiner direktør Lars E. Hanssen i Helsetilsynet.

Publisert Sist oppdatert

Sist veke kom den årlege rapporten frå Helsetilsynet, som mellom anna slår fast at tre av fire kommunar bryt lova kva gjeld avlastingsheimar for sterkt funksjonshemma ungar.

– Denne rapporten føyer seg inn i ei rad rapportar som er kritiske til tenestestyringa i kommunen. Du finn denne svikten i leiarskap fleire plassar. Det ville vore svært spennande om kommunalministeren nytta desse rapportane til å forbetre kommunane. Ho sit med ei fantastisk moglegheit til å påverke, sjølv om ho ikkje eig kommunane, seier Hanssen til Kommunal Rapport.

Han meiner det er vanskeleg å trekke fram særskilte kjenneteikn på kommunane som sviktar mest. Han trekk i staden fram Os i Hedmark, Ringerike, Sande i Vestfold, Selje, Førde, Trondheim og Skjervøy som døme på kommunar som har hatt ting i orden, og som andre kan lære av.

For tilfeldig

– Der det går galt, er det mangel på fagleg styring, og kvaliteten vert for tilfeldig. Det kan vere at kommunane tek for lett på at dei som bur i bustadene, har stort behov for helsehjelp. Noko som er gjennomgåande positivt, er at ein berre unnataksvis har svikt på ernæring.

Hanssen strekar under at ikkje berre er dei kommunane som har hatt tilsyn, som kan lære av rapportane. Han oppmodar difor alle lokalpolitikarar til å lese dei samlerapportane som kjem gjennom året.

– Eg trur det er lurt at kommunestyret handsamar alle rapportar om tilsyn – særleg dei som har vore i eigen kommune. Men samlerapportane som kjem i løpet av året, er det òg lurt at lokalpolitikarane les. Dei som sit i kommunestyret må vite korleis kvaliteten på tenestene er.

Hanssen meiner regionale samlingar der Fylkesmannen og kommunar er til stades, er viktig.

– Vi følgjer opp alle desse kommunane som har hatt avvik. Fylkesmannen vil hengje på. Så vil vi håpe at KS grip fatt i dette. Eg hadde òg sett at ordførarane var med på sluttsamtalen med Fylkesmannen etter tilsynet. Politikarane kan ikkje treffe den rette avgjerda utan at dei kjenner problemet.

Tilsyn med barnevern

I år har Helsetilsynet fått ansvar for det overordna tilsynet med barnevernet. Det kommunale barnevernet er difor eit av områda som tilsynet vil vere særleg merksam på dette året. I tillegg er tenester for eldre i kommunane i fokus, medan spesialist- og samhandlingstenester skal under lupa i åra som kjem.

– Vi skal nok òg vere meir aktive med umelde tilsyn i år. I dag melder vi frå til kommunen kan hende to månader på førehand – og likevel finn vi lovbrot i tre av fire tilfelle. Det tykkjer eg er litt rart. Samstundes trur eg vi no får eit realistisk bilde av korleis det står til ute i kommunane, seier Hanssen.

Powered by Labrador CMS