![Med skytenester er spelereglane endra. No kan kvar kommune kjøpe dei tenestene dei treng – akkurat når dei treng dei – og utan at dette må bli knytt til ein felles infrastruktur, skriv Andreas Nørve.](https://image.kommunal-rapport.no/280317.webp?imageId=280317&x=0.00&y=8.04&cropw=100.00&croph=67.16&width=960&height=452&format=jpg)
Ser vi slutten på dei store IKT-samarbeida?
Den raske innføringa av skytenester har forandra måten kommunane bør nærme seg IKT-samarbeid på.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Kommune-Noreg har dei siste ti åra hatt trua på at å etablere regionale IKT-samarbeid var vegen å gå for å sikre tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å drifte dei ulike IKT-systema deira.
No er fleire regionar også i prosess for å vurdere om desse samarbeida kan bli enda større, og kanskje som fylkesregionar saman med fylkeskommunen.
Dei store, tradisjonelle IKT-samarbeida som skal dekke alle tenesteområde, ser ut til å tape terreng.
Dette har nok vore rett strategi fram til no, men no trur eg derimot at vi ser konturane av ei ny tid – og kanskje eit paradigmeskifte. Dette vil krevje at vi tenker annleis om korleis vi organiserer og utviklar IKT-løysingane våre.
Vi kan verken gjere mindre eller meir av det vi har gjort før – vi må gjere noko anna. Eg trur derfor at vi no ser begynninga på slutten for dei store IKT-samarbeida i kommunal sektor slik vi kjenner dei i dag.
Den raske innføringa av skytenester har forandra måten kommunane bør nærme seg IKT-samarbeid på. Kommunane var før avhengige av store og tunge fellesskap for å sikre stabil drift og kostnadseffektive IKT-løysingar. I desse samarbeida var alt bygt rundt felles infrastruktur – både i høve til datatrafikk og identitets- og rollestyring.
Men med skytenester er spelereglane endra. No kan kvar kommune kjøpe dei tenestene dei treng – akkurat når dei treng dei – og utan at dette må bli knytt til ein felles infrastruktur. Dette har gitt ein fleksibilitet vi aldri før har hatt. Vi kan skalere opp og ned etter behov – oppdatere utan store investeringar, og dra nytte av marknaden si utvikling på ein heilt ny måte.
Skytenester opnar for at kvar enkelt kommune kan tilpasse tenestene til sine eigne behov, utan å vere låst til store fellesløysingar for infrastruktur. Skya gjer det mogleg å levere store, treffsikre IKT-tenester, som betre møter innbyggjarane sine forventningar, og som raskt kan tilpassast når behova endrar seg. Ikkje minst vil overgang til skytenester mogleggjere samarbeid ut over det som i dag er naturlege geografiske regionar.
Eg trur eg no ser ein tendens til at dei store, tradisjonelle IKT-samarbeida som skal dekke alle kommunale tenesteområde, taper terreng.
Med skydrift vil vi kunne få ei oppblomstring av enda større IKT-samarbeid enn det vi har i dag, men då på spesifikke fagområde. Dette fordi vi ikkje lenger er avhengige av felles infrastruktur i høve til datatrafikk, og dessutan identitets- og tilgangsstyring.
Kommunar vil truleg søke saman i store regionale samarbeid for å løyse konkrete utfordringar, slik det til dømes er gjort innanfor for helse- og omsorgstenestene i Midt-Norge. Der er Helseplattformen eit slikt IKT-samarbeid, som i 2024 vil dekke 535.000 innbyggjarar i Midt-Norge og har 270 tilsette.
IKT-løysinga til Helseplattformen erstattar 151 installerte dataløysingar for kommunar og helseføretaka i Midt-Norge. Det er ideelt for kommunar som ved skydrift har fridd seg frå behovet for felles infrastruktur.
Alle har vi tankar om korleis framtida vil bli. Der er vi alle gode, men det er ikkje nok. Vi må transformere idear om til handling.
I den samanhengen har Vanylven prøvd å ta eit steg inn i framtida. Kommunen gjekk ut av det regionale IKT-samarbeidet 1. januar. Samarbeidet dekte 50.666 innbyggjarar på Søre Sunnmøre og hadde 21 tilsette. Vi gjekk då på sky med alle dataløysingane våre.
Kommunen tok dessutan i bruk ei IAM-løysing (Identity and Access Management). Det er eit system for automatisering av identitets-, tilgangs- og lisensstyring.
Samtidig gjekk kommunen inn i eit endå større IKT-samarbeid gjennom Helseplattformen. Helseplattformen driftar ei dataløysing for alle tenestene innanfor helse- og omsorgssektoren i Vanylven kommune, der både IKT-support og IKT-utvikling er lagt til Helseplattformen i Trondheim.
Vi som er ansvarlege for å sikre gode tenester til innbyggarane, må vere førebudd på endring. Kanskje kunne kommunane og staten samarbeide om økonomiforvaltninga, slik at kommunane også var knytt til Direktoratet for økonomiforvaltning (DFØ). Eller kanskje kunne Oslo kommune ta ansvaret for sak- og arkivsystema for fleire kommunar.
Sjølv om det kan tenkast mange ulike samarbeidsløysingar, vil det vere slik at dersom kommunane skal gå inn i store IKT-samarbeid på spesifikke fagområde, må dei ta ned sitt engasjement i dei etablerte regionale IKT-samarbeida tilsvarande.
Uansett korleis vi vurderer framtida, så må vi våge å tenke nytt, utforske moglegheitene og ikkje vere redde for å bryte med etablerte mønster når vi i framtida skal vurdere å gå inn i nye interkommunale samarbeid.