Debatt
Omsorgssatsing er ikkje eit val mellom alt og ingenting
Herdis Helle har rett i at Osterøy står i eit dilemma. Eg er ueinig i kva som er den største risikoen.
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning
Heradsstyrerepresentant Herdis Helle (A) stiller i eit debattinnlegg Kommunal Rapport spørsmål ved kor klokt det er av Osterøy kommune å investere i omsorgsbustader. Ho meiner det kan føre kommunen inn på Robek.
Ho reiser eit spørsmål som fortener å bli stilt, og eg er glad for at ho løftar det inn i ein nasjonal debatt.
Fyrst det me er samde om. Osterøy har 80 heildøgnsplassar i dag, og dekkjer 17 prosent av innbyggjarane over 80 år. Fram mot 2035 nærmar den gruppa seg ei dobling. Utan utbygging fell dekningsgraden til 8—9 prosent innan 2040; med Omsorg Pluss kjem me opp mot 20 prosent. Det er eit fagleg forsvarleg minstenivå, ikkje eit ambisiøst nivå.
Riksrevisjonen si undersøking frå juni er hard lesnad. Av 60 kommunar hadde berre to talfesta behovet for plassar og bemanning, og over halvparten planla ikkje å auke talet på plassar i det heile, samtidig som tre av fire melder at ein allereie slit med rekruttering eller kjem til å gjere det i nær framtid.
Osterøy høyrer til det vesle mindretalet som har gjort jobben. Helle skriv sjølv at problemet vårt ikkje er mangel på planar. Då er det verd å sjå kva spørsmålet hennar eigentleg blir: bør staten hindre ein kommune i å gjennomføre planane sine?
Det kan ikkje vere meininga at kommunane som gjer som dei blir bedne om, blir straffa for det.
Éin ting må eg avvise: at skulestrukturdebatten er ein konsekvens av Omsorg Pluss. Det er heller ikkje noko vedtatt sanning at strukturen kjem til å bli endra.
Me har nyleg hatt ein ekstern organisasjonsgjennomgang, og den grunngjev forslag til strukturgrep i elevgrunnlag, demografi og sårbare fagmiljø — ikkje berre økonomi.
Og me er ikkje åleine: dei siste ti åra har Noreg fått 204 færre grunnskular, 28 av dei berre i fjor, og elevtalet fell for andre året på rad. Dei fleste kommunane som no må ta denne debatten, byggjer ikkje Omsorg Pluss.
Prisen har auka frå eit grovt overslag på 830 millionar til 928 millionar etter konkurransen. Det er eit stort tal. Men netto er noko anna enn brutto: momskompensasjon og investeringstilskot frå Husbanken dekkjer om lag halvparten. Nullalternativet er heller ikkje gratis: kjøp av plassar i andre kommunar, meir innleige og overtid, og ein sjukeheim som uansett må rehabiliterast for store summar.
At dette er eit val mellom alt og ingenting, kjenner eg meg ikkje att i. Grunnen til at prosjektet heng saman, er at det er eit samla grep. Legesenteret og basen for heimetenestene er ikkje pynt oppå omsorgsplassane; dei er det som gjer drifta billegare.
Byggjer me i tre etappar, riggar me tre gonger, i ein marknad der prisane går ein veg, og me mistar mykje av den innsparinga som gjer at prosjektet lønner seg frå 2030.
Innsparinga er heile poenget. Helsepersonellkommisjonen slo fast at det ikkje er mogleg å bemanne seg ut av utfordringane, og at talet på folk i yrkesaktiv alder fell frå midten av 2030-talet. Me kan ikkje løyse dette med fleire hender, for hendene finst ikkje. Då må me løyse det med bygg, logistikk og teknologi som gjer at kvar tilsett rekk over meir.
Eg skal likevel ikkje bagatellisere økonomien. Helle har rett i at disposisjonsfondet er tomt, at me har eit akkumulert meirforbruk, og at finanskostnadene veks kraftig.
Men lånegjelda vår er relativt låg nettopp fordi Osterøy ikkje har investert tungt før, og det handlingsrommet må brukast på det som hastar mest.
Helle etterlyser eit vern for mindretalet. Det vernet finst, og det er heilt legitimt å bruke det. Blir det kravd lovlegkontroll, vert det gjennomført. Eg står trygt i at lokaldemokratiet i so tilfelle sigrar.
Men då bør staten svare på heile spørsmålet. Riksrevisjonen ber kommunane planleggje for eldrebølgja. Helsepersonellkommisjonen ber oss omstille.
Så møter dei av oss som faktisk gjer det, eit finansieringssystem der rekninga kjem lenge før gevinsten. Det kan ikkje vere meininga at kommunane som gjer som dei blir bedne om, er dei som blir straffa for det.